1. Heim
  2. Vingen landskapsvernområde
  3. Historia til Vingen

Historia til Vingen

Helleristingane i Vingen er nesten 7000 år gamle, men kjennskapen til dei er berre 100 år.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Frå klatring på Hornelen til figurar

Helleristningane i Vingen vart første gong omtalt skriftleg i tidsskriftet Oldtiden frå 1912. Det var sakførar Kristian Bing frå Bergen som skreiv artikkelen. Han var på besøk i området i 1910 etter at han mange år tidlegare i 1896 hadde klatra austsida av Hornelen. Gjennom lokalkjende fekk han vite at det skulle vere fleire figurar som var teikna på berget i Vingen. Sidan Bing var veldig interessert i arkeologi òg, tok han turen inn til Vingen og fekk stadfesta at det var tale om fleire helleristningar. Sjølv om vêrtilhøva ikkje var gode; det var snø og vind, registrerte Bing tre felt med til saman 60 figurar.

Thue Gullaksen Vingen som budde i Vingen, fortalte Bing at dyrefigurane var noko dei var kjend med på garden, men som dei ikkje snakka så mykje med andre om. Thue Gullaksen Vingen og sønene hans held fram med å leite etter at Bing var reist. Då Bing kom tilbake til Vingen i 1912 var det klart at det fanst 100 figurar og ein god del andre rare figurar. Vingen vart vidare besøkt av fleire representantar frå Bergen museum i 1912 og 1913. 

Forsking på Vingen og i Skandinavia

Den svenske arkeologen Gustaf Hallström var i Vingen og dokumenterte mellom 1913 og 1917. Hallström var den første av dei «store arkeologane» som arbeida med Vingen, og han publiserte òg materialet internasjonalt. I 1920 åra gjennomførte Johs. Bøe frå Bergen Museum meir dokumentasjon. Bøe publiserte den første Vingenmonografien.

I 1960- og 1970- åra var det gjort mykje feltarbeid og forsking i Vingenfeltet, og nærområdet. Forskarparet Eva og Per Fett gjorde nybrottsarbeid med å avdekke helleristningar i nærområdet. 

Samstundes med forskingsarbeidet i Vingen, vart det gjort oversikt over andre helleristningsfelt i Skandinavia, og arkeologane fekk meir og meir samanlikningsmateriale. Det vart vanleg å skilje mellom dei eldste ristningane; veideristningar frå siste del av eldre steinalder, og yngre ristningar; jordbruksristningar frå yngre steinalder og bronsealder. Dess meir abstrakt figurmønsteret var, dess nyare tidsperiode vart bergkunsten tolka å vere frå.

Vingen blir verna

Etter kvart som bergkunsten vart meir kjend blant folk, auka òg interessa for å sjå helleristningsfelta med eigne auge. Auka turisme førte med seg slitasje av bergkunsten i Vingen. Fleire ristingar vart trakka på og nokre helleristningar vart utsette for hærverk med måling eller hogging mot bergflata. Fleire stader i Vingen er i tillegg rasutsett. På helleristningslokaliteten Leitet har til dømes steinar rast ut og treft berget med helleristningar slik at figurar har blitt øydelagt. Dessutan er vi kjend med at ein helleristningslokalitet i Vingelven er vekke etter ein brann forårsaka av eit lynnedslag. 

Gjennom 1970-talet var erkjenninga om at helleristningane i Vingen er svært sårbare kulturminne og at bergkunsten trong eit sterkare vern enn det lov om kulturminner på den tida kunne gje. Derfor vart Vingen ved Kronprinsregenten sin resolusjon av 9. mai 1980 i medhald av lov om naturvern av 19. mai 1970, oppretta som landskapsvernområde. Då vart heile Vingen og delar av utmarka til Vingen, totalt 5000 dekar verna.

Det var då utarbeida ein skjøtselsplan og gjort tiltak for å ta vare på bergkunsten. Samstundes vart det sett i gang fleire tilretteleggingstiltak i Vingen: gangstiar mellom dei største helleristningsfelta, opptrykk av brosjyre og oppføring av informasjonsskilt. I tillegg vart fleire helleristningar måla opp av fagfolk. Oppmåling var både eit ynskje frå turistnæringa og frå lokalbefolkninga for å lettare kunne sjå figurane. 

Likevel viste det seg at denne fredinga ikkje var nok for å ivareta vernet av kulturminna og landskapet. Det var eit stort problem at det kom for mykje publikum til området utan noko form for organisering. Trass i vernereglane, skjøtselsplan for landskapsvernområdet og skilt, føregjekk det trakk på bergkunsten, grilling, bålbrenning og hærverk inne i området. Difor vart det jobba for å etablere eit strengare vern i deler av området, samt ferdsleforbod. 

Den 14.02.1996 vart arealet rundt Vingepollen med Vingen og Vingeneset mellombels freda. Vedtaket gjaldt for eitt år. 1997 vart den mellombelse fredinga utvida til å gjelde inntil Riksantikvaren fatta vedtak om områdefreding etter kml § 19, og det vart opna for ei avgrensa og kontrollert ferdsle.

Med opprettinga av områdefredinga i 2001 jf. kml §19 vart det områdefredning med forbod mot ferdsle utan løyve. Skal du vitja Vingen i dag, må du vere med på ein guida tur.