1. Heim
  2. Vingen landskapsvernområde

Vingen landskapsvernområde

Formålet med Vingen landskapsvernområde er å å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Intakte helleristingar

Landskapsvernområdet ligg i Bremanger kommune, og det er funne meir enn 2200 helleristingar her.

Det er stadig nyoppdagingar av helleristingar i Vingen slik at talet på ristingar aukar, både i lågare delar og høgare opp i terrenget. Vingen er såleis det nest største helleristingsfeltet i Noreg etter Alta.

Opplev Vingen

Skal du vitja Vingen? Det er kun mogleg å oppleve helleristingane om sommaren, ved å vere med dei guida turane.

 

IMG_2460

Virtuelle Vingen

Opplev Vingen virtuelt! Her kan du sjå fleire bilete, video og 3D-modellar av Vingen helleristingsområde.

Nettsida Virtuelle Vingen er eit samarbeid mellom Riksantikvaren og Universitetet i Bergen. 

IMG_2460

7000 år gamle helleristingar 

Området med helleristingar omkransar Vingepollen, ein fjordarm inst i Frøysjøen i Bremanger kommune. 

Det spesielle med Vingen i høve til andre belleristingsfelt i Noreg er at landskapet er utan store inngrep, og at landskapet er i det store og heile slik som det var då helleristingane vart laga.

Dei fleste helleristingane ligg på sørsida av fjordarmen, mellom 8 og 20 meter over dagens havnivå. Nokre få ligg høgare i terrenget. 

Les meir

Frå helleristingsfeltet ser ein bort til Hornelen i vest, som er Nord-Europas høgste sjøklippe. Den ruver 860 meter over havet, og det er mange segn og tradisjoner knytt til Hornelen. Utsikta i dag er omlag den same som då helleristingane var laga for 7000 år sidan.

Helleristingane i Vingen syner figurar av hjort, menneske og det som truleg er dyrehovudstavar. Dei er laga med prikkhogging, at linjene i figurane er bygd opp med tusenvis av hoggmerke. For å lage desse har det vore brukt ein hard stein som er slått med ein trekubbe mot berget.

Det er mange likskapar, men også store forskjellar mellom figurane. Nokre av figurane har ei så slåande lik form og karakter, at det er naturleg å forstå at dei er laga av same individ.

IMG_2460

Historia til Vingen

Helleristingane i Vingen er nesten 7000 år gamle, men den almenne kjennskapen til dei er berre i overkant av 100 år.

IMG_2460

Forvaltning

Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt i landskapsvernområdet. Vestland fylkeskommune er forvaltningsstyresmakt for kulturminneområdet med helleristingsfelta. 

Regulert vann, demning.