Opplevingsreise

Min gode turkamerat,  Hallgeir Hansen, strålar og blir saleg i blikket når han snakkar om fjella rundt Ålfotbreen. Det er som han har funne ei livskjelde der oppe som ingen andre heilt veit om. Gjegnen, er favorittfjellet som på snodig vis fungerer som både terapeut og fornøyelsespark. Sjølv om fjelltoppen ofte er tildekka av skodde og skyer og krev ekstra innsats for å nå, har fjellet magnetisk tiltrekningskraft på mannen.

Svenn Petter Kjerpeset er ein annan spreking som eg kjenner godt, ikkje minst frå tusenvis av bilde på Facebook og Instagram frå fjella mellom Ålfoten og Norddalsfjorden. Gjegnen kallar han kongen av alle fjell. Bukkenibba litt lenger vest, kallar han dronninga og postar nye bilde, heile året av sin kjære «kongefamilie.» 

Svenn Petter Kjerpeset frå Svelgen er den flittigaste turmannen på og rundt Ålfotbreen. Han deler tusenvis av naturbilde på sosiale media og med sambygdingane på aldersheimen.

Eg må ærleg tilstå at eg ikkje heilt har forstått denne fascinasjonen og kjærleiken til nokre grå, golde og på mange måtar ugjestmilde fjell. Rett nok sa den raudgrøne regjeringa i 2009 at Ålfotbreen og fjella rundt representerer så unik natur at dei fortener vernestatus som landskapsvernområde. Rett nok er her nokre hylleformasjonar som minner om eit naturens amfiteater som det neppe finst maken til andre stadar på kloden. Og sjølvsagt er det noko spesielt med Norges vestlegaste bre der ein kan gå i blåisen og kike ned i skipsleia.

Ålfotbreen er eit av dei mest nedbørsrike områda i landet. Kanskje det er litt av grunnen til at turar hit gjev ekstra meistringsglede.

Men det er all nedbøren som er grunnlaget for Ålfotbreen. Her snør det rundt sju meter kvar vinter og regnar rundt fem meter resten av året. Fjella er flotte på avstand, ikkje minst Gjegnen som frå nord tronar som ein bauta i Nordfjord-landskapet. Men på nært hald, merkar ein fort at både Gjegnen og dei andre toppane i området er lunefulle og krevjande. Du må rekne minst 10 timars tur uansett kvar du skal, du blir stadig overraska av stup og skrentar som tvingar deg til omvegar, og havskodda frå vest kan kome fort på.

Eg har smakt på ein heil godtepose av fjell som Hjelmen, Keipen, Plogen, Maritinden, Gjegnen, og Bukkenibba.
— Arve Sandal

DET SISTE ÅRET har eg følgt i fotspora til Hallgeir og Svenn Petter. Det er først og fremst dei og vernestyret for Ålfotbreen landskapsvernområde å takke at dette magasinet blir til. Vi har vandra, klatra og padla over vatn, brear og toppar mellom Ålfoten og   Nordalsfjorden, mellom Hyen og Svelgen. Eg har smakt på ein heil godtepose av fjell som Hjelmen, Keipen, Plogen, Maritinden, Gjegnen og Bukkenibba. Eg har vandra over Ålfotbreen, Gjegnalundsbreen og søkt ly på hyttene Blåbrebu og Gjegnabu som Flora Turlag så meisterleg fekk på plass. Eg har klatra på fjellryggane, kjent magesuget over stupa, fiska i vatna og vore med på jakt over fjellhyllene.

Hyllelandskapet er noko av det unike og krevjande med naturen rundt Ålfotbreen. Har du først bestemt deg for ei, er det smart å ikkje flørte med andre.

NOKO HAR SKJEDD med meg på alle desse turane. Landskapet og eg har liksom funne ut av kvarandre og akseptert kvarandre. Eg har innsett at det ikkje nyttar å trasse fjellhyllene. Har du først valt ei, til dømes nummer sju, blir det lett tull om du flørtar med andre. Eg har også akseptert at når lågtrykka og vindane frå vest er på besøk, er fjella opptatt. Det er best å halde seg unna. Men når skydekket sprekk opp, når havlyset strålar over hyllene, toppane og vatna, då er det berre å stige inn i dette mystiske rommet. Då merkar du fort ei naturkraft som tek tak i deg og gjer deg både liten og stor. Liten fordi alt rundt deg er så mektig og overveldande, stor fordi sansane er så skjerpa at dei syg til seg dei sterke inntrykka.  

Noko har skjedd med meg på alle turane rundt Ålfotbreen. Eg har funne ut av det mystiske rommet og oppdaga ei naturkraft som gjer meg både liten og stor. Bildet er frå Maritinden saman med Linda Stenseth og Morten Haugum.

ETTER ALLE DESSE TURANE forstår eg betre turkameratane mine. Eg trur dei må på Gjegnen, Keipen og Ålfotbreen for å hente energi, inspirasjon og glede. Eg trur dei får noko ekstra fordi naturen er unik og fordi fotturen inn her krev noko ekstra. Det enklaste er sjeldan best for mennesket. Kanskje det rett og slett handlar om noko så fundamentalt som livskvalitet og at vakre og sterke landskap er like viktige for oss som vakker musikk og sterke romanar. Kanskje det også handlar om identitet, at sveitteturar til flotte fjell med utsyn over fjord og hav, viser oss kven vi er og kva det det vil seie å vere norsk.

Når havlyset strålar over hyller, toppar og vatn, då er det berre å stige inn i dette mystiske rommet.
— Arve Sandal

NO VEIT EG kva Hallgeir og Svenn Petter snakkar om. No veit eg kva dei opplever. På seg sjølv kjenner ein andre. Takk for rikdommen. Takk til Ålfotbreen verneområdestyre og verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik som gjev ut dette magasinet og gjer det mogleg å dele opplevingane med alle. 

Førde, 04.10.17
Arve Sandal