1. Heim
  2. Om området

Om området

Geologiske prosessar har over fleire hundre millionar år forma Ålfotbreen landskapsvernområde til eit landskap som er unikt på verdsbasis, og som gjer fantastiske naturopplevingar.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Fantastiske naturopplevingar, for den røynde turgjengar

Ålfotbreen landskapsvernområde er eit urørt område. Her ligg dei vestlegaste breane i landet, og også dei som er mest påverka av have.

Ålfotbreen landskapsvernområde ligg i Kinn, Bremanger og Gloppen kommuner.

Mann krysser elv

Ferdsel i Ålfotbreen landskapsvernområde

Terreng, vêr og klima i høgfjellet kan vere utfordrande, so det høver best for røynde turfolk. Sjekk vermelding før tur! Det spesielle landskapet byr likevel på store opplevingar for dei som vil sjå naturen på trygg avstand.

Les mer

Ålfotbreen landskapsvernområde er eit variert område. I låglandet er det fleire områder og stiar som alle kan bruke. I høgfjellet bør ein derimot vere fjellvandt. Her er krevjande terreng og veret skiftar fort!

  • Ha med ekstra utstyr og mat slik at du er førebudd på dårleg ver.
  • Sei frå kor du går. Du kan ikkje rekne med at det er telefondekning overalt i fjellet.
  • Ver obs på bresprekker og snøbruer dersom du krysser bre eller fonner.

Les meir om turar og hyttar

IMG_2460

Kraftproduksjon

Sidan Ålfotbreen og området rundt er blant dei mest nedbørsrike områda i landet, og i tillegg både brear og vatn høgt oppe over havet kor vatnet vert lagra, so er her eit stor potensiale for kraftproduksjon.

Les mer

Nedbørsrikt 

Sidan 1960-talet har fleire vassdrag på alle sider av fjellmassivet blitt bygd ut, og nedbøren over Ålfotbreen er i dag grunnlaget for ein ganske stor kraftproduksjon. Grensa til Ålfotbreen landskapsvernområde er lagt slik at alle regulerte vatn og alle installasjonar ligg utanfor verneområdet.

Utbyggingane har sjølvsagt satt sine spor i landskapet. Samstundes representerer kraftutbyggingane gjennom over 50 år eit stykke interessant norsk industrihistorie.

Regulert vann, demning.

Forvaltning

Styret for Ålfotbreen landskapsvernområde har eigen nettstad.  

Regulert vann, demning.