Flyfoto av Gjegnen. Foto: Edvin-André Hugvik.

Om Ålfotbreen landskapsvernområde

Ålfotbreen landskapsvernområde vart verna gjennom kongeleg resolusjon den 9. januar 2009, for å ta vare på eit av dei mest særprega fjellområda på Vestlandet. Området er på 226 kvadratkilometer og ligg i kommunane Gloppen, Bremanger og Flora i Sogn og Fjordane fylke.

Ålfotbreen landskapsvernområde omfattar eit av dei mest nedbørsrike område i Noreg og dei vestlegaste og mest havpåverka isbreane i landet. Verneområdet har dessutan ein særs interessant geologi med devonske bergartar og unike landskapsformer. Området er rikt på spanande dyre- og planteliv, til tross for at det framstår som goldt og karrig.

Toppen på fjellet Gjegnen ligg 1670 meter over havet, og er med det den høgaste toppen i Norge vest for Jostedalsbreen. Den vanlegaste turruta opp til Gjegnen går frå Hope i Hyen og via turisthytta Gjegnabu på 1200 moh, men ein kan og gå frå Bjørndalen eller frå Skjerdalen.

Landskapsvernområdet vert forvalta av eit lokalt verneområdestyre. Styret er samansett av politikarar frå dei tre kommunane som har areal i verneområdet, og dessutan ein representant frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det er og tilsett ein verneområdeforvaltar for området, som har kontorstad på Sandane i Gloppen.

Lenke til nettsida til verneområdestyret

For meir informasjon, sjå nasjonalparkstyre.nonaturoppsyn.no og fylkesmannen.no

Torgeir Apalset nyt panoramautsikten frå Galleriet, 1200 meter over Bjørndalsvatnet. Foto: Arve Sandal.