1. Heim
  2. Hjort

Hjort

Områda kring Ålfotbreen er blant kjerneområda for hjort i Noreg.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Talrik hjortestamme

Hjorten er særs talrik i fjellsidene og bygdene rundt Ålfotbreen. Dette er blant kjerneområda for hjort i Noreg. Frå 1800-talet og framover på første del av 1900-talet var hjorten mindre talrik og hadde vesentleg mindre utbreiing enn den har i dag.

I Ålfoten, Hyen og områda mellom har det derimot vore hjort i fleire hundre år, og dette er eit av dei områda kor hjorten seinare har spreidd seg ut i frå.

Hjort.
Jeger skuer utover fjorden

Ein sterk jaktkultur

Sidan her har vore hjort so lenge, so har det og vore drive hjortjakt her i lange tider. Her er lange tradisjonar kring hjortejakt, og den dag i dag er det ein sterk jaktkultur i desse bygdene.

Sjå hjort på nært hald

På Hjortegarden i Ålfoten kan ein studere hjort på nært hald. 

Les meir

Barn hilser på hjort.