1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Hyens magiske medisin

Hyens magiske medisin

Finst det ein magisk medisin som forvandlar telttur med ungar og tenåringar frå kaos til kos?
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Barn i kano
Barn og forelder spiser mat ved bål

VILLMARKSLEIR: Straumsbotnen i Hyen er perfekt leirplass: F. v. Inger Mari Akse med vesle Ola, Leah Ravnestad, Maria Ommedal Aa, Johanna Akse, Eva Lill Ommedal Aa og Ida Kristine Rønnekleiv.

Tekst og foto: Arve Sandal

TORGER EIMHJELLEN lastar telt, soveposar og matkasser opp i båten i det han røper målet for turen.

– Poenget er å vere ute.

Høyrde eg rett? Her har Hyen Jeger og Fisk invitert familiar, ungar og ungdommar på overnattingstur til Straumsbotnen innerst ved Skilbreivatnet, og så seier turleiaren at målet for turen er å vere ute. Sidan mannen med den enkle programerklæringa er fylkesleiar i ungdomsavdelinga til Norges Jeger og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane, har eg sett føre meg flugebinding, kasteteknikkar, kokegroper og nattsporing etter ville dyr. Turen er eit av tilboda i den kjende «»Friluftshelga i Hyen» og burde vel strengt tatt ha litt opplegg og regi.

Torger startar påhengsmotoren og suser innover Skilbreivatnet. Han får følgje av to robåtar og ein kano, fulle av folk og utstyr. Litt tafatt og usikker på om dette blir noko å skrive heime om, har eg plassert meg fremst i båten hans. Eg skal i alle fall finne ut om barndommens rike har bleikna med åra. Dette var ein av favorittplassane til den fiskegale faren min. Han drog meg hit så ofte han kunne både i ung og vaksen alder og var alltid like sterk i trua på rekordfangst. Fiskekvaliteten i Skilbreivatnet gjekk det gjetord om. For det første var auren blank i skinnet, raud i kjøtet og utsøkt i smaken. For det andre kunne vi få retteleg storfisk på både ein og halvannan kilo om fiskelukka verkeleg stod oss bi.

Det var den gongen. I dag er det stort sett for lite fisking i ferskvatna. Resultatet blir ofte for mykje fisk, for lite næring og dårlegare kvalitet.

Barn i robåt
Barn i kano

BARNDOMMENS RIKE: Berre ein halvtimes båttur frå fylkesvegen byr Straumsbotnen på barndommens rike.

LANDSKAPET innover mot Straumsbotnen er i alle fall likt seg. Dei bratte liene er frodige og irrgrøne etter ein kald og fuktig forsommar. Nokre av dei ligg nærast forgylte i sollyset mens andre har gått inn i svarte og trolske kveldsskuggar.

No, som i barndommen, registrerer eg noko merkeleg og magisk med Straumsbotnen. Vi er berre vel 170 meter over havet. Fylkesveg 615 går langs heile austsida av vatnet. Det tek berre ein halvtime å ro inn i botnen til vestsida av vatnet. Likevel kjennest det som vi har forlate sivilisasjonen og teke steget inn i villmarka under Ålfotbreen og 1000 meter høge fjell. Her er ingen motordur, ingen kraftmaster, ingen hytter, ingen vegar, berre eit einsleg stølshus på vollen inst i botnen. Ned frå Kvannbotnen stuper breelva i fossar og stryk, før ho roar seg i dalen og breier seg ut i Skilbreivatnet langs holmar og loner. Det er i grunnen sjølvsagt at denne naturen er innlemma i Ålfotbreen landskapsvernområde og tatt vare på for ettertida. Straumsbotnen er ein fristad for folk og dyr, ikkje minst hjorten har funne sitt mekka her inne.

TURLEIAR Torger stig i land og strålar over å sjå att Inger Mari Akse. Ho var ivrig deltakar då han styrte ungdomsgruppa til Hyen Jeger og Fisk for ein del år tilbake. No har ho fått med seg mannen og alle fire borna for å oppleve Straumsbotnen på nytt. Sist ho var her, var på bryllaupsreise etter at ho og Arve Jonny fekk samanleggbar kano i bryllaupsgåve. No tel familien seks, den minste, Ola, er berre seks månadar gamal. Kva slags natt skal dette bli med bleieskift og amming i teltet, undrar ein bestefar som meg. Torger som er far til fem, ser ikkje ut til å reagere. Han og Egil Ravnestad er allereie i sving med å spikke flis til bålet. Så har dei i det minste ein plan om å ha det litt lunt og koseleg mens dei er ute.

– Bålet skaper liv leiren, påpeikar turleiaren.

RØYKSIGNALA stig til vers og ein aure vaker berre eit par meter frå strandkanten. Anders Ommedal er ikkje berre hjortejeger på sin hals. Læraren er også leiar i Hyen Jeger og Fisk og leiar av Holme Jaktlag. Han tek instinktivt kikkerten og studerer fjellbeita under dei devonske fjellskrentane i himmelsjå.

– Kolle og kalv rett over øvste fossen, to dyr under skrenten til venstre, er den kjappe «kikkertfangsten» hans.

Ikkje like lett for oss uerfarne å få auge på, men Jon Ivar brukar skuldrene til faren som stativ og zoomar dyra inn.

“Bålet skapar liv i leiren”

— Torger Eimhjellen

Barn med kikkert

OPPDAGING: Jon-Ivar Rønnekleiv brukar pappa Torger som stativ og zoomar inn hjorten i fjellsida.

Etter tredje vak frå auren nede ved stranda, klarer ikkje Egil å dy seg lenger. Han egnar på makk og listar seg ned til vatnet. T-skjorta hans frå Norges Jeger og Fiskerforbund forplikar. På ryggen blir det reklamert for «fiskeglede til alle, for alltid.» Det tek berre nokre minutt før han gledesstrålande kjem tilbake med ein sprellande fisk på 3-4 hg på kroken. Er det nasefiske, eller kan det bli ein kveld med storfangst?

STEMNINGA I STRAUMSBOTNEN denne fine sommarkvelden i midten av juli er nesten ikkje til å forstå. To lavoar og fire fjelltelt kjem opp utan eit einaste kommandorop. Jobben blir berre gjort, av ungar og vaksne i lag. Utan at vi heilt merkar det, er bålet ein stor glohaug og perfekt for pølsegrilling og kaffikoking. Alle nyttar sjansen til første måltid og samling rundt grua. Ola ligg i fanget til mamma og sovnar like godt til godpraten ved bålet. Nesten umerkande ror dei fire eldste jentene ut i båt med sluk og markdrag på slep. Alle har redningsvest og er tydelegvis vel vande med å handtere både båt og fiskeutstyr. Egil får med seg dei tre gutane for å prøve fiskelukke i elveosen, mens dei minste jentene smakar på blåbær og spring rundt mellom telta.

Eg ser ingen sure ungar, ingen mobiltelefon og høyrer ingen foreldre som masar om ditt eller datt. Det er berre å spørje småbarnsforeldra om oppskrifta på den magiske medisinen.

– Å HA DET KJEKT med ungar på tur, handlar om god organisering, god kommunikasjon oss i mellom og la ungane bestemme kva som skal skje, svarar Inger Mari og Arve Jonny i kor.

Det høyrest så enkelt ut. Alle som har prøvt familietur med kano, telt, soveposar, underlag, rikeleg klede til alle, mat og kokeutstyr veit at dei enkle gledene vi jaktar på like fullt kan drukne i stress, mas og kaos.

– Vi pakkar ein pose med klede og utstyr til kvart barn, lempar alt opp i ein 150 liters sekk til far, etablerer leir og standplass utan å gå for langt og let ungane leike og styre med sitt.

Stort sett opplever vi at friluftslivet er rolegare enn kvardagslivet og at ungane søv betre i teltet enn i sengene heime, forklarar Inger Mari og ser at Egil nikkar.

Barn ved bål
Mor og barn

MAGISK: Inger Mari Akse trur eld, vatn og trygge rammer er ein magisk medisin for ungar flest. T.v.. Leah (7), Ronnya (5) og Ola (0,6)

FISKELUKKE? Egil Ravnestad, Andreas Ommedal, Rasmus Ommedal Ohrstrand og Jon-Ivar Rønnekleiv fiskar etter råstoff til villmarkskokk Torger Eimhjellen.

JENTENE PÅ FISKETUR kjem på land med fangst. Dei har tredd makken og fått fisken om bord utan hjelp frå vaksne. Egil og dei vordande storfiskarane har fått storfangst både i vekt og tal. Auren er feit, raud i kjøtet og fleire veg rundt halvkiloen. Skilbreivatnet held sanneleg stand. Torger illustrerer sløying og flekking før han overlet filetkniven til sonen og dottera. Så lirkar han ei lita røykekasse, «Aburøken» opp av sekken, strør krydder på filetane, sagflis i kassa og sprit i brennaren. 10 minutt etterpå kan han servere villmarkssnittar, eller Straumsbotnen spesial med eit salatblad, litt crabstikksalat og varmrøykt, blodfersk fjellaure på skiva. Han køyrer både to og tre rundar til fiskefettet siklar i munnvikane på oss alle.

Eg huskar orda hans om at poenget er å vere ute. Han har visst rett, først då kan ein vise kva naturen og aktivt friluftsliv har å by på. Først då kan neste generasjon oppdage denne kjelda til glede og fridom.

Pappa Torger er ivrig jeger. Han er også assistentlærar på Nordfjord Folkehøgskule på både rev-, villsvin- og hjortejakt innimellom alle dei andre gjeremåla som rørleggar og bonde. Beverjakt i Aust-Agder er hans store lidenskap. Det har han drive med i 19 år og latt alle fem borna få del i spenninga.

– Det er lett å vere lærar når du er skikkeleg interessert.

Med det røper Torger Eimhjellen kanskje den viktigaste ingrediensen i den magiske medisinen i Hyen. Ungane lærer å takle og bli glad i naturen fordi foreldra har ei glødande interesse for friluftsliv. Dei har prioritert å leve så nær skog og fjell og dyr som mogleg. Både Torger og kona Ellen med fem barn og Inger Mari og Arve Jonny med sine fire har flytta tilbake til Hyen etter mange år i det meir urbane Førde.

Solveig Vonheim Heimseter og Jon-Ivar Rønnekleiv konkurrerer om kveldens største fjellaure.

Barn og vosken sløyer fisk
Familie ved telt

Inger Mari og Arve Jonny Akse flytta til Solheim i Hyen for å la ungane få same, landlege oppvekst som dei sjølve.

“Fri leik ute trur eg har verdi både for fantasi og sjølvtillit.”

— Arve Jonny Akse

-VI HADDE VALET om vi skulle sovne til bildur eller fossesus. Vi valde å la ungane få same landlege oppvekst som oss og har etablert oss på Solheim der Inger Mari vaks opp og foreldra hennar bur. Sjølv vaks eg opp i Åfjorddalen i Hyllestad, fortel Arve Jonny og viser med heile seg at han er glad for valet sjølv om det betyr arbeidsreise til Førde og skulependling til Hyen.

Ikkje minst når eldstejenta Johanna slår opp teltet og overnattar med hunden Ariel heilt på eiga hand i skogen like ved huset på Solheim, ser foreldra at ho har funne seg til rette og blitt glad i det enkle friluftslivet.

– Fri leik ute utan apparat som seier at her skal du klatre og her skal du skli, trur eg er utviklande både for fantasi og sjølvtillit, seier Arve Jonny og ser at kona har tatt av seg sokkane for å nyte varmen frå bålet i fulle drag.

EIN NY DAG tok til før friluftsleiren i Straumsbotnen tok kvelden. Eg set likevel telefonklokka på 05 for å friske opp att eit av mine flottaste ungdomsminne for 50 år sidan. Far minte meg mang ein gong på at vil du ha storfisk, er sjansen størst seint på kveld eller i gryotta før sola renn. Eg gnir søvnen ut av auga og merkar at morgonstemninga i Straumsbotnen er som den var. Dei kalde breelvane har lagt ein mystisk frostrøyk over osen. Landskapet doblar seg med sine spegelbilete i vatn og kulpar og morgondogga prøver over alt å få spindelveven med på litt abstrakt kunst.

Rolig vann

GRYOTTA: Er fiskelukka framleis best før solstrålane når ned i dalen og leiren vaknar til liv?

SPØRSMÅLET ER om storauren er like stor og like bitevillig no som då. Den gongen la eg flugelina ut i straumen og fekk to kilofiskar på land før dei første solstrålane synte seg på toppane?

Eg må berre prøve og skubbar den lettrodde plastbåten frå Brødrene Aa frå land. Suset frå elva er einaste lyden i leiren. Det er musestilt i telta sjølv om her ligg 17 menneske frå 0,6 til 66 år. Kanskje er det eit eller anna med det omsluttande og urøyvde landskapet i Straumsbotnen som framkallar den komplette ro og harmoni for både store og små. Forsiktig glir eg mest mogleg lydlaust mot elveosen i håp om at sjølve storfisken er klar for frukost. Menyen min er ikkje immitert insekt denne gongen. Eg har rappa makkestonga til Egil og satsar på Traudals-metoden som han hadde suksess med om kvelden. Med eit lite blysøkke sig agnet sakte ned mot botnen. Då er sjansen god for at bitevillig fisk går på kroken.

FØRSTE KAST går eit lite stykke opp i elva i håp om at no som då står den største fisken fremst i straumen. Ingen tilslag, verken på første, andre eller tredje forsøk. Sidan elva delar seg i utløpet, prøver eg same metode ved neste elveos og får ein fin fisk på vel tre hekto. Etter ei stund får eg ein liknande før tilslaget med eitt er meir kontant og kraftig. Dette er godsorten som spelar ut muskelkraft og kondisjon. Sidan scena er berre 0,15 mm tjukk, sveivar eg med slurande snelle og let fisken køyre ut både tre og fire gongar før eg gjer meg klar til å ta han om bord på Lars Monsen-vis, med berre nevane. Hov er liksom litt feigt og unødvendig utstyr. Den unike Skilbreiauren med store prikkar i skinnet, glir omsider utmatta inn til båtsida. Eg festar grepet rundt hjellelokka og kjenner at fiskelukke framleis boblar i kroppen. Frukosten er sikra. Blodfersk, nytrekt fisk høyrer med på slike turar, lærte eg av far.

GOD MORGON: Frida (2,5) har sove betre i teltet enn heime i senga. Til frukost kan ho velje mellom nytrekt aure, tomatsuppe og skive med nugatti.

DELIKATESSE: Torger Eimhjellen byr på Straumsbotnen spesial: Varmrøykt aure på salatblad og crabstikksalat.

FRIDA på to og eit halvt, myser ut av teltopninga og blir nesten blenda av sollyset som har stege ned frå fjelltoppane. Torger krabbar ut av sin vesle gapahuk og tek første morgonbad i brevatnet. Egil fyrer opp bålet og snart står ei utsøkt frukostblanding av tomatsuppe, kokt aure, nugatti og kaffi på menyen. Dei unge og ungane gjer som dagen før, nett som dei vil. Nokon badar, nokon vassar, nokon prøver kanoen oppover elva og finn forbausande fort ut korleis dei skal padle og styre i straumen. Marit, Solveig og Eline går på gjenvisitt til overnattingssteinen som dei sov under på klassetur med lærar Anders.

– Vi har i alle fall skjerma dei frå skjermane dette døgnet, smiler Torger Eimhjellen.

Og fått ein ny, kraftig dose av den magiske naturmedisinen, tenkjer eg.

Barn i kano

VERNA: Straumsbotnen er innlemma i Ålfotbreen landskapsvernområde.