1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Diamanten i skoddeheimen

Diamanten i skoddeheimen

Kvifor leike Lars Monsen gjennom Nordfjord og Sunnfjord, når ein kan fly til sol og varme i sør?
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Kvinner på fjelltur

Tekst og foto: Arve Sandal

LYDEN PÅ BLÅBREBU er ikkje til å ta feil av. Vinden riv i hytteveggen og regnvatnet renn som elvar ned frå taket. Utsikta gjennom glaset forsterkar det sure inntrykket. Alt er grått og innhylla i grauttjukk skodde. 15-20 timar over Ålfotbreen til Gjegnabu i slikt ver kan bli meir enn vi tåler.

Saman med Hallgeir Hansen har eg lokka 10 kvinner og menn frå Arendal, Oslo, Fosnavåg, Trondheim, Stryn og Sandane til å kome hit for å oppleve noko av det villaste norsk natur kan by på. Vi har reklamert med at ein ikkje treng reise halve kloden rundt til Grønland, Peru, Antarktisk eller Himalaya for å smake på ekspedisjonslivet og skaffe seg naturleg rikdom. Eventyrlysta kan pirrast og tilfredsstillast i det utfordrande hyllelandskapet rundt Ålfotbreen, har vi sagt. At dette også er blant dei våtaste plassane i landet, har vi ikkje nemnt.

FØREBUING: Ventetida på Blåbrebu blir utnytta til knutetrening før turen over Ålfotbreen.

BLÅBREBU: Mang ein fjellfarar har sendt ei varm takk til Flora Turlag. Blåbrebu er ein innfallsport til Ålfotbreen og ei av dei største og trivelegaste sjølvbeteningshyttene i Sogn og Fjordane.

Eg set på havregrauten, mens Kjersti spikkar flis og får fyr i den store vedomnen på Blåbrebu. Standarden på DNT-hytta er det i alle fall ingen ting å utsette på. Flora Turlag kan skryte av å ha ei av dei største og trivelegaste sjølvbeteningshyttene i heile Sogn og Fjordane. Det er nesten for mykje av det gode. Når den lune vedvarmen kryp ut langs veggane og inn under huda, skal ein ha vilje av stål for å tørne ut på gråversdagar som denne.

VI LIGG PÅ VERET og unner oss ein lang mimrefrukost om dagane vi har lagt bak oss. Starten ut Gloppefjorden og Nordfjorden med Colin Archer-skøyta til Nordfjord folkehøgskule var som tatt ut av ei cruisebrosjyre. Varm sommarvind frå aust, fiskesuppe på dekk og utstyn til idylliske kulturlandskap under steile fjell. Vi sigla gjennom Rugsund, som kan måle seg med det ypparste av Sørlandsidyll, før vi gjorde strandhogg i Vingen.

Ein song til Nordfjord. Hallgeir Hansen er forsongar.

IDYLL: Rugsund yst i Nordfjord kan måle seg med den finaste Sørlandsidyll.

BERGKUNST: Helleristningsfeltet i Vingen har 2300 ritingar og er det neste største i landet etter Alta. Landemerket Hornelen i bakgrunnen.

HELLERISTNINGSFELTET inst i Vingepollen er ikkje berre det nest største i Norge etter Alta, men det mest særmerkte sidan naturen rundt er så godt som urørt og slik den var då steinalderfolket samlast her for 6000 år sidan. Åse Leirgulen, som losa oss rundt i naturreservatet med 2300 registrerte helleristningar, gav oss eit hint om at vi kanskje tenkjer for rasjonelt i dag til heilt å forstå kva magi og åndeleg svære steinalderfolket skapte her inne i naturkatedralen. Kommentaren rundt frukostbordet er ei bøn til styresmaktene om å gjere Vingen meir tilgjengeleg og hjortefigurane meir synlege på svaberga utan at det skadar bergkunsten. At knapt 100 menneske i året får del i det Christian Bing kalla Naturens kolossalmuseum, kjennest som eit svik mot notida.

OPPLADING: Hornelen er god opplading til storturen over Ålfotbreen.

Kanskje Hornelen var sentrum for steinaldermenneska som budde rundt Skatestraumen for 5000-6000 år sidan? Kanskje dei i Vingen fekk kontakt med dei underjordiske maktene og på Hornelen med dei overjordiske? Kva veit vi? Men vi kjente på magien då vi stod på toppen og såg havlyset fylle den evige horisonten i vest.

FRØYSJØEN sør for Hornelen kan vere frådande og strabasiøs for sjøfarande. For oss var den ei sann fryd med tre segl i masta og sju knops fart på det meste. Vi nådde Florø før tida og tøffa inn Norddalsfjorden spente på om vi kom under brua med den 15 meter høge masta. Draftet som viser 12 meter er feil, bygdefolket har rett. Vi hadde god klaring og kunne i ro og mak pakke sekkane for storturen over Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen. Minst 20 kilo på ryggen med mat, kle, telt og kokeutstyr er kanskje største utfordringa på slike turar. Etter fire timar opp bakkane og steinura frå Grøndalen til Blåbrebu i går, fryktar vi alle at børa kan bli ei like stor utfordring som veret. Vi skal ikkje akkurat ut på rusletur over vidda. Vi skal klatre hyllene i Devonfeltet som minner meir om månelandskap enn norsk natur. Vi skal forsere bresprekkene og finne feste for stegjarna i blåisen.

KREVJANDE: Oppstigninga frå Grøndalen til Blåbrebu er vakker og krevjande. Kjersti Rønningen frå Sandane og ekteparet Tone og Per Damsgård frå Arendal taklar strabasane.

VERGUDANE viser ingen nåde denne dagen. Dei jobbar sikkert for å oppfylle statistikken om 5000-6000 millimeter nedbør i året. Vi innser at vi er i det mest nedbørsrike området i landet og bestemmer oss for å dra trekket over sekken og hetta over hovudet og legge i veg mot Ålfotbreen og Gjegnabu. Allereie etter eit par hundre meter får vi første utfordring ved eit vatn som står høgt over einaste farbare sti ved ein loddrett hammar. Ein times dugnad med steinfylling må til før vi kjem noko lunde tørrskodde over til andre sida.

Vi klatrar hyllene opp frå Blåbrebu og sikrar oss i verste partiet med tau og klemknutar. Vi finn etter kvart ly under ein hammar for påfyll av «drivstoff» opp mot Blåbreen som er forløparen til Ålfotbreen. Ved brekanten bestemmer vi oss for å gjere som Lars Monsen, søke ly i teltet og finne varmen i soveposen.

VILJENS KRAFT: Med viljens kraft klarer Kjersti Rønningen og turgruppa å passere glatte svaberg og krevjande hyller.

NATTA er ikkje av det rolege slaget. Vinden leikar med teltet. Striregnet trenger gjennom duken og heilt inn i marg og bein. Det er ingen grunn til å bli liggande frampå. Klokka 04 fyrer vi primusen og fyller magen på nytt med energirik havregraut. Eg tenkjer på pemmikanen til Roald Amundsen som stort sett bestod av feitt og tørka kjøt og smakte lite. Polfararen skal ha sagt ein gong at den som er opptatt av meir avansert mat enn pemmikan, har lite å utrette.

Vi pakkar dei våte telta, tvingar på oss den våte ullskjorta og legg den tørre i sekken. Alltid noko tørt i sekken er ein viktig regel i friluftslivet. Vi knyter oss inn i bretauet, stoler på kompasset, krummar nakken mot vinden og regnet og legg i veg på den lange marsjen mot Gjegnabu.

UTANFOR KOMFORTSONA: Ålfotbreen landskapsvernområde er eit av dei mest nedbørsrike område i landet. Ein tur over breen kan lett bli ein tur utanfor komfortsona.

DENNE DAGEN har få ord. Vabbinga i snøen, vindsus rundt øyra og piskande regn fyller lydrommet. Det suklar i skoa. Ullvottane blir kilotunge av vete og må kneppast gong på gong. Sunnmøringen Jon Magne har overskot til å foreslå at vott no heretter bør skrivast med å. Vi andre lurer mest på kvifor vi går her? Rett nok heiter det at livet startar utanfor komfortsona, at du må yte før du kan nyte og at motgang gjer sterk. Men det er grenser for alt. Kvifor gå her og leike Lars Monsen og Cecilie Skog når vi kunne gjort som folk flest og brukt ferien til ein flytur og opplading med sol og varme i sør. Kva er eigentleg målet med strabasane over Ålfotbreen?

LYSGLIMT: Då skoddeheimen endeleg tok kvelden, skein Tone Bryn Damsgård i kapp med lysglimta over i landskapet.

VARIG VERDI: Kveldsstunda på Gråfjellet kjem til å vare. Den var løn for lang dags ferd og strev. Frå høgre; John Magne Johannessen, Iver Heen Ask, Tone Bryn Damsgård, Per Damsgård, Kjersti Rønningen, Sondre Utheim, Håvard Sandal, Hallgeir Hansen og Arve Sandal: Foto: Eivind Hansen

GJEGNABU: Endeleg dukka Gjegnabu opp etter 13 timars brevandring.

KLOKKA 19 står vi på Gråfjellet som er høgste punktet på turen på 1405 moh og mannar oss opp til siste etappe ned mot hytta. Då har vi kjempa med veret og eigen motivasjon i 13 timar. Vi har trøysta oss med at når skuldrene verkjer, beina er blytunge og ein kjenner seg dødssliten, skal menneskekroppen ha halvparten av kreftene igjen. Som ved eit under ser vi plutseleg konturane av eit fjell. Skodda, regnet og skyene bestemmer seg tydelegvis for å ta kveld. Kvannbotnfjellet, som vi passerte for eit par timar sidan, står fram og helsar oss velkomen. Teppet går opp for eine toppen etter den andre.

For første gong ser vi Ålfotbreen blenke som ei kvit muslingperle i alt det grå. I nord dukkar mektige Gjegnen fram frå sløret. Langt borte i aust kjem Snønipa og Lodalskåpa til syne.

DIAMANTEN: Kveldslyset over Gjegnen forvandlar fjelltoppen til ein «diamant» i skoddeheimen.

KVELDSLYSET er ein framifrå landskapsmålar med rosa som favorittfarge. Mållause beundrar vi kunstverket med alle sine finurlege former og fargar i grått, sølv, kvitt og rosa. Kontrasten til skoddeheimen er så sterk at det kjennest som vi står midt i skjeringspunktet mellom tida og æva. Var det eit liknande kveldslys Jakob Sande såg då han skreiv sitt kolossale epos om då Gud heldt fest i Fjaler?

NESTE DAG vaknar vi til striregn på Gjegnabu og høyrer meteorologen varsle lyn og torden. Likevel legg vi ut over Gjegnalundsbreen mot Skjerdal og kajakkpadling tilbake til Sandane. Vi har fått smaken på kontrastar som livets krydder. Vi har sett at felles påkjenningar sveiser turlaget saman.

Vi har erkjent at ein kan risikere å pådra seg både sjølvinnsikt, sjølvtillit og glimt av lukke på strabasiøse dagar. Dessutan veit vi at byevêr kan få fram himmelsk lys og glimt av æve. Det er nok å minne om at diamantar opphaveleg er kolbitar som blir utsett for stort press.

GJEGNALUNDSBREEN: Sjølvtilliten får eit løft når vi ser tilbake på brefallet i Gjegnalundsbreen. Der gjekk vi.

SKJERDALEN: Mektig natur, brølande hjort og teikn på harde kampar pregar Skjerdalen.

FINALE: Storturen over Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen blir avslutta med kajakkpadling under fjellet Hyeneshesten tilbake til Vereide og Sandane.

FAKTA

KORTREIST EVENTYR: Seks dagars tur frå Sandane med seglskute til Rugsund, Vingen, Hornelen, Florø og Norddalsfjorden. Vandring over Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen til Skjerdal og kajakkpadling tilbake til Sandane. Overnatting i telt, rorbu og DNT-hytter.

UNIK NATUR: Ålfotbreen er den vestlegaste breen i landet. Breen strekkjer seg over 10 kvadratkilometer og ligg i eit devonfelt, prega av sandstein, konglomerat, hylleformasjonar og steile skrentar. Aust i området ligg Gjegnalundsbreen på 13 kvadratkilometer. Fjellandskapet mellom Nordfjorden, Norddalsfjorden og Hyefjorden er så unikt at regjeringa vedtok å opprette Ålfotbreen landskapsvernområde i 2009. Begge breane minkar fort og kan vere vekke om 50 år.

BLÅBREBU OG GJEGNABU: Flora Turlag eig og driv dei to DNT-hyttene Blåbrebu i vest og Gjegnabu i aust. Begge hyttene er ulåste sjølvbeteningshytter, utan mat og med god standard. Blåbrebu har 14 sengeplassar, mens Gjegnabu har landets største dobbelseng med plass til seks personar.