1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Den store styrkeprøva

Den store styrkeprøva

Sommarmorgon i september får naive menn til å tru at dagen blir enkel og grei.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Menn bærer kano

Tekst: ARVE SANDAL
Foto: ARVE SANDAL OG VEGARD FAGERLI
Artikkel 2 av 3 «REIN GALSKAP»

 

– ER DET TID FOR MORGON, spør Hallgeir klokka 06 og strekkjer seg i soveposen.

Eg har vore vaken ei stund i «kanohytta» vår og er overraska over at rektoren og morgonfuglen frå Sandane ikkje har vore tidlegare på allerten. Tidleg start og heile dagen til disposisjon er eit av hans varemerke. «Dagen gryr berre for den som er vaken,» sa naturfilosofen Henry Thoreau. Vi kostar på oss ei god frukoststund, mens sola klatrar fjelltoppane rundt Ålfotbreen.

Øvre Bredvatnet er på sitt vakraste denne septembermorgonen. Låg haustsol kastar eit gyllent skjer over vassflata. Fossen inn i vatnet er kraftfull og skummande fordi Sogn og Fjordane Energi opnar for ekstra overføringsvatn om hausten.

Mann padler kano

MORGONSTUND: Synet av fossen inn i Øvre Bredvatnet er ein forfriskande start på dagen.

Kano utenfor stryk

VIDEO: Kano og stryk er ingen god kombinasjon. Skal vi likevel våge i Nedre Bredvatnet?

Dagens vakraste

– SFE burde få ein pris for god landskapspleie med slike fossar, ler miljørådgjevar Vegard.

At SFE har fått konsesjon for å ta dei to brevatna aktivt inn i kraftproduksjonen, er ikkje tema denne vakre morgonen. Vi slørar i medvind og medstraums ned mot Nedre Bredvatnet der utløpsfossen har enda meir spektakulære scener å by på. Fossesøyla er så høg og kraftig at spruten står til vers opp frå kulpen og fangar ein vakker regnboge i morgonsola. Med dei karakteristiske devonhyllene i bakgrunnen er denne scena dagens vakraste eventyr for meg. Ålfotens svar på Grand Canyon.

Morgonstund med gull i munn, kjem vel med. Etappen frå Nedre Bredvatnet til Store Åskorvatnet blir eit større basketak enn rekna med. Det som ser greitt ut på kartet, blir som ofte i dette området, uråd å passere på grunn av loddrette skrentar mellom kotane. Godt vi har Vegard med solid kondisjon og lang erfaring som speidar. Han tek nokre ekstrarundar og finn hyller og passasjar som let seg passere.

– Hårfint, men det går, rapporterer han tilbake.

Mann ved regnbue og foss

REINT EVENTYR: Fossen ut frå Nedre Bredvatnet fangar regnbogen i morgonlyset.

Menn bærer kano

ULENDT: På veg ned til Store Åskorvatnet blir tolmod og styrke sett på prøve.

Kano i buskas

«Kanobering for to er som å finne balansen i ekteskapet.»

Mann krysser elv

FORSERING: Elvane ned mot Store Åskorvatnet er sikre i si sak om hausten, tørrskodd skal ingen krysse oss no.

Balansekunst

Kanobering for to over steinar og bekkar er mest som å finne balansen i ekteskapet. Det handlar om å gje og få, kjenne og respektere rytmen til den andre, løfte litt ekstra når det trengs, finne vegen i lag og stå for valet.

Med list og lempe nærmar vi oss Store Åskorvatnet til vi møter veggen ved ei av innløpselvane. Krattet er uframkommeleg og elva i striaste laget for vading. Då kjem speidarmannen fram igjen. Vegard som toler å vere våt på beina, vassar ut i elva med løpsskoa sine og fløyter kanoane ned elvefaret. Vi tre andre kan konsentrere oss om å krysse elva, noko lunde tørrskodde.

IDYLL: Om hausten blir Store Åskorvatnet fylt opp som kraftmagasin. Då kjem idyllane til sin rett.

Det blir ein velfortent lunsjpause ved Store Åskorvatnet. Det regulerte vatnet er så pars oppfylt at det får vist fram kvalitetane sine med fossar, graskledde holmar og loddrette fjellveggar. Vi nyt kvart sekund, oppstemte som vi er med kroppen full av lysthormonet serotonin. Vi er lukkeleg uvitande om påkjenningane vi har i vente.

Strabasiøst

Det startar med at Hallgeir og eg kvelvar i Bredelva. Padlinga har gått så fint at vi har blitt skyre og jumpar opp i kanoen for å ta oss over den vesle elva. Straumen får tak, vi går rundt og vassar våte som kråker opp på stranda. Ingen fare, men ein halvtime spolert til tørking og klesskift. Eg må innsjå at kameraet rundt halsen gjekk fløyten, men kan lovprise dei vasstette posane i sekken. Reservekleda og soveposen er like tørre.

VELT: Overmot i Bredelva straffar seg.

OPPSTIGNING: Fine svaberg lettar oppstigninga til Ålfotbreen.

Hyllene og svaberga opp mot Ålfotbreen er fine å gå på, særleg i starten der stein og morenegrus er vaska vekk.

Etter kvart blir det verre med lausmasser og knust stein. Breen er ein steinknusar og ryddar ikkje opp etter seg når den trekkjer seg tilbake i stadig varmare klima. Vi ber kanoane mellom oss fordi vi meiner det blir lettare å dra enn å bere dei over Blåbreen. Stigninga er 600 høgdemeter og merkast godt med 20-30 kilo på ryggen. Låra er liksom ikkje med på leiken, og skuldrane klagar på sekken. Eg klussar med det lånte kameraet til Hallgeir og blir liggande etter. Dei negative tankane melder seg fort om at det er langt igjen til dagens mål, Blåbrebu. Klokka er allereie 16, berre fire timar att til mørket er eit faktum.

Synet av 38-åringen som svingar seg lett oppover, minner meg om min eigen alder. Er eg for gamal til dette? Er det siste storturen eg er ute på? Er det snart slutt på vidder, toppar og mektige utsyn for meg?

BREKANTEN: Ei lette å nå brekanten og kunne dra i staden for å bere.

«Vi kasta snøball for å sjå kor bratt det var …»

Blå konteinar

Eg hadde nær sagt, heldigvis, blir også dei tre andre karane slitne i brattbakkane og tek ein pause ved varden som viser stien ned til Åskora i Ålfoten. Her får vi auge på brehytta til NVE og ein blå konteinar for snøscooter og måleutstyr. Folka frå NVE er her eit par gongar i året for å måle snødjupne og sjå kor fort Ålfotbreen trekkjer seg tilbake. Breen er av dei tynnaste i landet og kan vere vekke om 50 år. Synet av den blå konteinaren minner Knut om ei av hans tøffaste opplevingar i fjellet.

– Vi var ei gruppe i Flora Turlag som satsa på ei retteleg storhelg i mai i 1996. Vi hadde bert opp laks og vin til ein flott middag på Blåbrebu. Så reiste vi til Hyen, gjekk opp mot Gjegnabu og la i veg på ski over Ålfotbreen for å lade opp til festmiddagen med ein skikkeleg stortur. Så kom skodda, grauttjukk skodde. Vi vart usikre på retninga, vi hadde lite mat. Eg huskar vi gjekk i vifteform og kasta snøballar for å sjekke kor bratt det var framfor oss. I seks timar baska vi på då vi såg den blå konteinaren og gjorde eit forsøk på å bryte oss inn og søke ly. Det gjekk ikkje, men plutseleg letta skodda så pars at vi såg kvar vi var og kunne ta ut retninga mot den merka stien ned til Åskora og fjorden. Vi var berga, men skremde.

Villare

Historia til Knut får oss til å haste på mot Blåbreen. Det er overskya, vinden har auka på og brekulden tvingar fram vottar og lue. Vi er inne i Ålfotbreen landskapsvernområde. Klimaet og terrenget er både villare og røffare enn langs vassdraget vi forserte tidlegare på dagen. Det er berre å gjere som Hallgeir seier.

– Gå på, stenge ute dei negative tankane og tenkje på at det finst noko betre i andre enden.

BLÅBREEN: Omsider finn vi ei farbar nedstigning til Blåbreen.

GLATT: Forseringa over blåisen minner om pingvinar på land.

Komisk

Blåbreen har vakre bogemønster som årringar, men ber også namnet sitt med rette. Blåisen er som vanleg våt og glatt, men ikkje verre enn at han let seg forsere utan stegjarn sidan det er flatt her oppe på platået.

Synet av fire karar som styltar seg fram med kanoar på slep er unekteleg komisk. To ramnar ligg på vinden over fjellryggen og følgjer oss lenge. Hadde dei hatt erfaring frå Antarktisk, ville dei tenkt at dette minner om pingvinar på land.

Optimisme

Stemninga stig mange hakk når vi går ut av blåisen og kan skli på snøen i retning Blåbrevatnet. Sjølv om klokka går mot 1830, får vi eit optimistisk håp om at DNT-hytta Blåbrebu er innan rekkevidde før mørket sig på. Haukåbøra med sin karakteristiske, avkutta topp, dukkar opp i gult kveldslys lengst i vest. Før vi fekk fyra, var Haukåbøra eit kjent landemerke for sjøfarande, på linje med Alden og Kinnaklova. Knut blir nostalgisk. Han minnest mange fine turar på den toppen med kona Siri og døtrene deira.

Hamrane og stupa ned mot Blåbrevatnet har vi ikkje rekna med. Her har vi berre vore på ski når alt er jamna ut med 10 meter snø. No må vi leite etter passasjar og klyve med kanoane mellom oss før vi når vasskanten. Det tek på, men gjer oss også litt stolte. Hit er det uråd å kome frå Blåbrebu på sommarstid på grunn av vatn og skrentar. Er vi dei aller første turgåarane som kjem hit til fots?

«Er vi dei aller første turgåarane som kjem hit til fots.»

BLÅBREVATNET: Vegard Fagerli leitar etter nedstigning til Blåbrevatnet. Her går aldri folk i sommarhalvåret.

Ingen nåde

Vinden over Blåbrevatnet viser ingen nåde. Den står hardt på frå sørvest. Takk og lov at vi har smidige kanoar og ikkje oppblåsbare baljar som Lars Monsen og co padlar med på Austlandet. Likevel må vi legge oss på årane og ta ut krefter vi trudde vi hadde brukt opp tidlegare på dagen.

Først klokka 19.30 når vi land. Vi har ei kraftig nedstigning og to vatn igjen før vi er framme på hytta. Må vi likevel melde pass og sitje ute i natt?

For første gong

På eit høgdedrag vest for Blåbrevatnet ser vi taket på Blåbrebu. Vi må berre ta oss ned eit uttørka elvegjel før vi kan padle fram til hytta. Gjelet skal vise seg å bli dagens store crux. Det er stupbratt, mosen er gjennomtrekt av vatn og utan feste, store steinar stenger vegen, små steinar vaklar når vi stig på dei. Nedstiginga går mildt sagt seint, ikkje minst for meg som får problem med balansen under den tunge sekken og løfting av kanoen.

Igjen må eg lure unna dei negative tankane om eg er for gamal til dette, om eg sinkar dei andre? Vi finn fram hovudlyktene, kryssar bekkane, lirkar oss rundt kampesteinar, går oss skårfaste, finn nye vegar og sig sakte, men sikkert nedover. Plutseleg og overraskande står vi i osen og ser at lyktene våre lyser opp steinane på botnen i det klare vatnet. Å sette seg i kanoen og flyte ut i svarte natta, er intens lukke og salig fred i same sekund. Vi er sikkert like hormonrusa og store i augo som Karsten Warholm var då han vart verdsmeister på 400 meter hekk. Vi klarte det, vi er berga, vi når fram.

Klokka 22.25 kjem for aller, aller første gong eit turfølgje padlande inn til Blåbrebu.

«Vi er sikkert like hormonrusa og store i augo som Karsten Warholm.»

HAUKÅBØRA: Kveldssola stikk bak Haukåbøra i vest. Det blir svarte natta før vi når Blåbrebu.

Klikk her for å sjå turruta.

DAG 2:

Start: Øvre Bredvatnet til Store Åskorvatnet
Slutt: Over Blåbreen til Blåbrevatnet og Blåbrebu
Totalt: 9 vatn, 800 hm opp, 550 hm ned, 17 km