Devonske bergartar
Geologisk sett vert området kalla «Hornelen-bassenget» og det består av devonske bergartar.
Dei devonske bergartane er yngre enn det gamle grunnfjellet som ligg under og rundt. Over det aller meste er dei devonske bergartane erodert vekk, men nokre stader ligg dei framleis.


Hyller med høge vegger
Gjennom geologiske prosessar over fleire hundre millionar år har dei devonske bergartane skapt eit heilt unikt landskap som ein ikkje finn nokon annan stad i landet. Området er prega av «hyller» som går sør-nord, ofte med loddrette veggar på opptil 100 meters høgde mellom hyllene.
I dette spesielle landskapet er det fint å ferdast om ein går langs med hyllene. Og desto meir utfordrande å ta seg fram om ein prøver seg på tvers.
Fossiler
Går ein nærmare innpå berggrunnen her er den fascinerande på kort avstand og. Her er mykje sandstein og konglomerat. Særleg er det interessant å sjå korleis små og store steinar av ulike typar og fargar er «støypt» saman til konglomerat.
I sandsteinen kan ein dessutan finne spor etter fossilar, men det er sjeldan at dei er oppe i dagen slik at ein kan finne dei utan spesialutstyr.
