Brear og klima

Ålfotbreen og Gjengdalundsbreen er dei vestlegaste og mest oseanisk påverka breane i Norge.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@fylkesmannen.no

M

Meny

At breane er oseanisk påverka vil seie at dei vert påverka av det klimaet som er på kysten og over havet rett vest for breane. Breane er typiske platåbrear som ligg som ei kappe over fjellet

I dagens klimasituasjon betyr det dessverre at breane smeltar og vil truleg i løpet av nokre tiår forsvinne heilt. Dersom ein vil oppleve desse breane i eit so kystnært landskap, og kunne stå på breen og sjå rett ut i havet, so må ein ta turen før det er for seint.

Isbre, Gjegnalundsbreen
Bre og vatn

Nedbørsrikt område

Ålfotbreen og fjella rundt har det vi kan kalle eit ekstremt klima. Sjølve Ålfotbreen er den staden i Noreg kor det fell mest nedbør gjennom året, med kring 6000 millimeter i årsnedbør.