1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Utsikt til innsikt

Utsikt til innsikt

Kan innsikt vere like vakkert som utsikt? Går du tur med geolog Denise Rüther under Ålfotbreen, får du eit overraskande svar.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Kvinner på fjelltur

Tekst og foto: Arve Sandal

Berre eit kvarter etter at vi har lagt i veg frå fylkesveg 614 ovanfor Svelgen, stoppar Denise Rüther. I staden for å spurte i veg over dei fine svaberga opp til Knekkevasshytta, bøyer ho seg ned og stryk med fingertuppane over porer og sjikt i berget.

– Traukryssjikt, seier ho og får meg til å sjå ut som eit måpande spørsmålsteikn.

Denise underviser i geologi på Høgskulen for Vestlandet i Sogndal. Ho er utstyrt med tolmod og pedagogiske evner og forklarar dei buktande stripene i berget med at her har elvestraumen ein gong bygt lag på lag med sand i trauliknande søkk.

Torger startar påhengsmotoren og suser innover Skilbreivatnet. Han får følgje av to robåtar og ein kano, fulle av folk og utstyr. Litt tafatt og usikker på om dette blir noko å skrive heime om, har eg plassert meg fremst i båten hans. Eg skal i alle fall finne ut om barndommens rike har bleikna med åra. Dette var ein av favorittplassane til den fiskegale faren min. Han drog meg hit så ofte han kunne både i ung og vaksen alder og var alltid like sterk i trua på rekordfangst. Fiskekvaliteten i Skilbreivatnet gjekk det gjetord om. For det første var auren blank i skinnet, raud i kjøtet og utsøkt i smaken. For det andre kunne vi få retteleg storfisk på både ein og halvannan kilo om fiskelukka verkeleg stod oss bi. Det var den gongen. I dag er det stort sett for lite fisking i ferskvatna. Resultatet blir ofte for mykje fisk, for lite næring og dårlegare kvalitet.

Geolog viser årringer i bergvegg

Turen forbi Knekkevasshytta går i sneglefart. Stadig vekk må geolog Denise Rüther lene seg inn til fjellveggen og studere «årringane» i berget.

Bergtatt

Målet for dagen og turen er fjelltoppen Hjelmen (1215 moh). Eg har ikkje gløymt min første tur til den toppen. Saman med Svenn Petter Kjerpeset gjekk eg opp steinrøysa frå vest og vart mildt sagt bergtatt då eg stod på toppen. På kanten varsla eit lite skilt om at no steig vi inn i Ålfotbreen landskapsvernområde. Det var ikkje vanskeleg å fatte. Framfor oss trona eit mektig hyllelandskap som det visst nok ikkje finst maken til i verda. Eg tenkte med ein gong på den snart 2000 år gamle arenaen i Verona i Italia der eg var på operaførestilling ein gong saman med 10.000 andre.

Hyllene aust for Hjelmen er så rytmisk og skråande bygt opp at tanken om naturens eige amfiteater er snublande nær. I tillegg er mest kvar hylle utstyrt med blågrøne vatn som på avstand minner om skinande smykkesteinar. Planen min i dag er at når geologen og pedagogen får sjå desse hyllene, skal eg endeleg fatte korleis dette naturens underverk har blitt til.

“Det vakre blir vakrare når ein veit kva det er.”

— Student Marleen Hönkemeyer

Hyllelandskapet rundt Ålfotbreen finst det ikkje maken til i verda. Aust for fjelltoppen Hjelmen ligg naturens eige amfiteater.

Snusdåsen til risen

Men det er berre å tilstå at eg er i tvil om innsikt og fakta er finare enn illusjon og fantasi. For mange år sidan møtte eg den kunnskapsrike bonden Einar Seim på Kinn. Han viste meg ein merkeleg stein og sa med glimt i auget at det var snusdåsen til risen. Så la han til at steinen hadde han vist til ein geolog ved Universitetet i Bergen og spurt kva slags steinsort den var av. Geologen hadde svart at det kunne han fastslå presist i laboratoriet, men då måtte han knuse steinen.

– Då tenkjer eg vi seier at det er snusdåsen til risen, svarte Seim og gjekk.

Eg har levt av å vere nysgjerrig journalist mest heile livet og tykkjer utsikt og innsikt er ein framifrå kombinasjon. Derfor går eg her ved sida av geologen og minnest ei anna tysk dame som studerte vestnorsk natur ved høgskulen i Sogndal for nokre år sidan. Ho heitte Marleen Hönkemeyer og hadde følgjande kommentar etter å ha sett på bergartar i Sogn og Fjordane:

– Det vakre blir vakrare når du veit kva det er.

 

Årringar i fjellet

39-årige Denise er i god form etter sykkelpendlinga mellom Kaupanger og Sogndal og ein lang ferietur på sykkel frå Portugal til Tyskland. Likevel går det i sniglefart forbi Knekkevasshytta og opp langs skrentane mot Søre Hjelmelandsvatn. Stadig vekk må ho lene seg inn til berget, studere formasjonen, stripene og lagdelinga som minner meg om årringane i treet. Ho snakkar om finkorna og grovkorna masser, om elvevifter og skredvifter med sand og stein, om foldingar og deformering av jordskorpa.

Eg forstår ikkje alt, men er sikker på at desse berga aldri før har fått så mykje merksemd og hudkontakt frå kvinnehand.

Elvevatnet førte med seg sand, stein og grus og bygde opp lag på lag med sandfjell

Kanskje er ikkje årringar så dårleg samanlikning. I alle fall snakkar Denise heile tida om korleis elvevatnet har ført med seg stein, sand og grus og bygt opp lag på lag, år for år til alt vart forsteina under trykk og høg temperatur rundt tre kilometer nede i jordskorpa. All denne grusen, sanden og leira kom frå nedbryting av den kaledonske fjellkjeda som ein gong nådde heilt opp til 8000 meter over havet, fortel ho.

Endå vanskelegare å forstå blir det når ho snakkar om at denne fjellkjeda vart til sør for ekvator for 500 millionar år sidan. Då støytte kontinentalplata Laurentia med Nord-Amerika og Grønland saman med den europeiske og skandinaviske plata Baltika og pressa opp den enorme fjellkjeda. Dette landet, som vi kallar vårt, har reist rundt 12 000 km nordover sidan den gongen. I dag ser vi restane av den kaledonske kjempa frå Svalbard gjennom Norge og Skotland til austkysten av USA. 

Tidsperspektiv

Det er slike stunder eg fornemmar at menneskelivet berre er eit ørlite pust i sivet. Kva er 80-90 år mot hundrevis av millionar år? Livet mitt er så kort at eg nesten ikkje kan fatte slike tidsperspektiv. Men det er nettopp det lange tidsspennet som gjer det mogleg å forstå at naturkrefter gjennom, erosjon, frostsprenging, skred og jordskjelv kan bryte ned 8000 meter høge fjell til dagens norske toppar og tindar.

Dei same fjell i syningom, som Ivar Aasen skreiv om, er ikkje alltid eins å sjå, berre tida får marme på. Er det noko som er sikkert på denne kloden, er det at ingenting er konstant. Alt, absolutt alt går i sirkel i kontinuerleg forandring.

Erosjon, frostsprenging og skred har brote ned 8000 meter høge fjell til dagens toppar og tindar.

Eg lurer på alle «fotefara», eller rettare sagt forklaringa på alle små holer og groper som dukkar opp over alt i fjella rundt Ålfotbreen.

Denise forklarar at gropene ein gong truleg var fylte med leirehaldig masse som lett forvitra og vart ført vekk. Men det kan også ha vore steinar i konglomerat, som breen eller erosjonskreftene har pressa ut. 

Størkna deig

Konglomerat er det mykje meir av lenger aust ved Gjegnabu der eg traff Denise for første gong. Då snakka ho stadig vekk om skredvifter med stein og sand og grus som byggjer seg opp ved foten av fjellet. Ho kunne sjå dei att i størkna «deig» av små og store steinar, sand og leire. Vi gjekk ein heil dag og studerte formasjonar og variasjonar i bergflater, kampesteinar og skjeringar. Det var nesten som vi erstatta fenomenal utsikt mot Hyen og fjella rundt med innsikt i korleis planeten vi bur på har blitt forma og omforma gjennom hundrevis av millionar år.

“Utruleg kva storleiken på sandkornet betyr for landskapet”

— Geolog Denise Rüther

Fjella i aust ved Gjegnabu er som størkna «deig» av stein, sand og leire. Konglomerat, heiter det på fagspråket til Denise Rüther

Rullestein

Mysteriet oljen

Sidan vi gjekk på sandstein som er lagerplass for oljen i Nordsjøen, ville eg vite om det også kan vere olje og gass nokre kilometer nede i desse formasjonane. Ho smilte litt og sa at sandsteinen rundt Ålfotbreen er for lite porøs til det. Takk og lov, tenkte eg, så slepp vi press frå oljeselskapa i dette landskapet. Men Denise nytta sjansen til å forklare meg at organisk materiale er ein føresetnad for utvikling av olje og gass. Når vi køyrer på bensin og diesel, køyrer vi eigentleg på lagra solenergi. I Nordsjøen vart ein gong enorme mengder med algar bevart på botnen på grunn av dårleg vassirkulasjon og lite oksygen. Dei stinkande slamlaga vart ført ned på djup med passe temperatur og trykk og forvandla til petroleum gjennom tusenvis av år. Til slutt fann oljen og gassen seg ein god lagringsplass mellom porøs sandstein som geologane kallar reservoarbergartar. Det er nesten like ufatteleg som at det finst store mengder kol på Svalbard utan eit einaste tre på øya.

– Det er då du må tenkje på at jorda er ein serie flyttbare kontinentalplater og at Svalbard ein gong kan ha vore jungel i Afrika, forklarar Denise.

Sidan alt går i sirkel og er i konstant forandring, ser eg føre meg at geologar i ei fjern framtida tek steinprøvar ved ekvator og ser korleis breane herja og grov med landskapet i nord.

Truande skodde

Vi går ikkje vidare i tidsspranga. Havskodda kjem sigande frå vest og limer seg til fjella Risebøra og Keipen rett sør for oss. Eg fryktar at teppet i grått skal sige lenger ned og øydelegge galleriutsikta til hylleformasjonane i aust. I så fall får ikkje Denise sjansen til å sjå naturens amfiteater og vise meg kva som skjedde i devontida for rundt 350 millionar år sidan. Ho går med på å skru opp tempoet, men må likevel stoppe av og til når ho les i berget at her har naturen ein gong gått amok, som ho seier. Dei strukturerte lagdelingane som vi ser over alt, er erstatta av eit kaos med stein og sjikt som bøyer og foldar seg på kryss og tvers. Geologen forklarar at her har flom eller små jordskjelv kasta rundt på massane medan dei enda var blaute.

– Det er ei mager trøyst, men likevel eit slags håp i ei tid med klimaendring og store naturkatastrofar. Planeten jorda vil leve vidare om dagens artar og liv forsvinn, sukkar geologen. 

Oasen

Ved Vasskarvatna unner vi oss ein rast i det eg vel å kalle oasen i dette området. Langs ein klukkande bekk ned frå sørsida av Hjelmen er det frodige mosetepper, irrgrøne plantar og eit blomsterhav av lilla urt og gule soleier i ein herleg kontrast til det golde, grå sandfjellet. Elva renn ut i ei lita blågrøn tjørn rett over Vasskarvatnet som glitrar mot den svarte, hyllete fjellveggen i sør.

Fjellvann, natur

Kva som er vakkert i oasen ved Vasskarvatnet, spørst om det er journalisten eller geologen som ser.

Ord er i grunnen overflødig, men eg må likevel understreke at dette er vakkert. Til mi store overrasking får eg ingen kommentar og ingen støtte. Denise er still og litt fjern i blikket før ho røper kva som er aller størst for geologen akkurat no.

– Er det ikkje utruleg kva storleiken på sandkornet betyr for landskapet.

Eg blir overrumpla og nesten lattermild over at vi fokuserer så ulikt. Når ho forklarar, innser eg at opplevinga av slike turar blir endå større til meir ein kan. Ho veit at hadde fjellet framfor oss berre vore samansett av finkorna sand, hadde tidas tann gnege det ned gjennom forvitringa.

Takka vere rytmisk variasjon i kornstorleiken, står hyllene og fjella Keipen og Risebøra her den dag i dag. Det er som eit naturens under og vi kan ha vår fine oppleving her og no med bekkar, blomster, hyller og tindar. Sjølv om veslevitet mitt har litt vanskar med å henge på, må eg bukke for menneskehjernen som samtidig kan ta inn både notida og millionar av år gamal historie. 

Skyskraparar

Vi ruslar vidare mot Vasskaret. Her står fjellformasjonane steilt til vers som skyskraparane på Manhattan i New York.

– Heller fjell enn Trump Tower, ler Denise.

Person ved stein

Vi kryp og klyv opp det tronge Vasskaret med store steinblokker og loddrette fjellveggar. Skodda er der oppe, men har ikkje trengt ned til oss. Håpet om at vi skal kome oss til Rundevatnet og over nokre skrentar slik at vi får utsikt austover mot dei karakteristiske hylleformasjonane aukar. Vi hastar på, går ut av skaret og stien og legg kursen nordover mot foten av Hjelmen. Vi må klyve nokre småhyller før vi med eitt rundar kanten og får vidsynet mot nord og aust klokka 14.08. 

Naturfenomen

– Åhhhhhhh, høyrer eg plutseleg frå Denise.

Ho er ikkje ei kvinne av store ord, så eg forstår at hyllelandskapet gjer inntrykk på henne. Dette har ho berre sette bilde av og lese om i fagartiklar. No kan ho studere naturfenomenet på nært hald. Ho set seg på ein «steinstol», løfter blikket mot aust, lirkar fram kamera, tek bilde, ser og ser.

– Sjølv om ein veit kva som har skjedd, er det vakkert å sjå at det faktisk har hendt, seier ho.

Person tar bilde av landskapet

For første gong kan Denise Rüther studere det unike monumentet over geologihistoria.

Denise hentar fram ei fiberplate frå ryggsetten. Pedagogen har med seg ein illustrasjon som skal gjere det lettare for meg å fatte kva naturen dreiv på med gjennom millionar av år. Treplata illustrerer det devonske Hornelen-bassenget som ho påpeikar minner om eit badekar i storformat. Papplatene hennar illustrerer korleis elvar og skred har ført dei forvitra stein- og sandmassane ut i bassenget og bygt opp rundt 200 meter tjukke og rundt 250 meter breie sedimentere avsetningar.

På eit visst nivå i oppfyllinga vart trykket mot underlaget så stort at dei oppbygde massane seig vestover på ei glidesone. Så bygde bassenget seg opp att og ei ny «hylle» var klar for reisa mot vest. Forma på glidesona førte til at dei elastiske sand og steinmassene bøygde seg 25 grader mot aust. Denne rytmiske prosessen gjentok seg rundt 200 gongar og ligg framfor oss som eit monument over geologihistoria.

Denise Rüther er geologilærar på Høgskulen for Vestlandet. I undervisninga brukar ho ein liten modell for å illustrere korleis dei devonske hylleformasjonane rundt Ålfotbreen har blitt til.

Grunnforsking

Korleis veit ho alt dette? Kor sikker er ho på at dette er sanninga og absolutt sanninga?

Denise snakkar om karane. Det var mannlege geologar som dreiv grunnforsking i desse devonfelta på 70- og 80-talet. Ho tek fram ein artikkel av Ron Steel som mellom anna påviste stor variasjon i kornstorleik ned gjennom bergstrukturen. Danninga av hylleformasjonane var det lenge mange teoriar om før forskarane vart overtydde om den rytmiske avleiringa, forflyttinga og nedbøyinga i rundt 200 omgangar. Ho forklarar, peikar og demonstrerer med illustrasjonen sjølv om det smertar geologen med doktorgrad å vere overflatisk om ein så omfattande og unik prosess.

– Takka vere grunnforskinga den gongen, har vi kunnskapen. I dag ville vi neppe prioritert eit slikt feltarbeid. No er det først og fremst oppdragsforsking og artikkelpublisering forskarane skal bruke tida på, kommenterer Denise som tok doktorgrad ved universitetet i Tromsø om issmeltinga i Barentshavet.

Naturlov

Vi bestemmer oss for å returnere over toppen på Hjelmen og møter skodda som skjuler meir og meir av landskapet rundt oss. Vi kravlar ned frå varden på vestsida og firer oss etter armane ned i ei renne. Der finn vi vegen ut på ryggen og hastar nedover eit hav av blokker, stein og heller. Formasjonen er ei ny påminning om at frostsprenginga hjelper tidas tann med å knuse fjellet til nye sandkorn. Geologen snakkar om naturlova med at høgdeforskjellane blir jamna ut. Fjellet blir brote ned, dalar og innsjøar blir fylte opp.

Vi går og går i kveldslyset over Nordgulen til også Denise sukkar over all steinen. Det faglege blikket er slått av sidan blokkene og hellene ligg hulter til bulter og ikkje har nokon forklarande struktur lenger. Vi har forlate den 350 millionar år gamle historia og konsentrerer oss om notida og bussen heim til Sogndal.

Fjell i solnedgang

Kveldslyset over Hornelen følgjer oss tilbake til Svelgen.