Arve Sandal

Tindeslukaren

Arve Sandal
Tindeslukaren

Han går over 150.000 høgdemeter i året og har berre ein topp att i Bremanger. Der møter han ein vegg av frykt.

Tekst og foto: ARVE SANDAL

Svenn Petter Kjerpeset stiller som avtalt i Ålfoten. Mannen er ikkje tung å be til fjells. Svenn Petter går minst  150.000 høgdemeter i året, eller 17 gongar til verdast høgste fjell, Mount Everest. Når målet til og med er den einaste fjelltoppen i Bremanger kommune han ikkje har stått på, svarte han kontant ja på invitasjonen;  «sjølvsagt er eg med.» Han er likevel ikkje heilt til å kjenne att. Stillare, meir forsagt og avventande i kroppsspråket enn då vi var på fisketur til vatna nordaust for toppen Gjegnen for nokre dagar sidan.

ENDELEG: Målet for dagen er klart: Fjellmannen Svenn Petter Kjerpeset skal endeleg prøve seg på Maritinden.

Uoppnåeleg?

Dagens mål er Maritinden, ein kvass pinakkel på vel 1300 meter over havet, som krev eit par taulengder med klatring og rappellering. Fjellmannen frå Svelgen har mang ein gong stått på nabofjellet Saga og sett over på tinden med lengsel i blikket. Det har blitt med tanken. Svenn Petter har aldri klatra og aldri rappellert og sett på Maritinden som uoppnåeleg.

STIFINNAR:  Svenn Petter Kjerpeset kallar toppen i bakgrunnen for kongen av alle toppar i Bremanger. Han har stått i bresjen for merking av ein ny sti til Gjegnen.

STIFINNAR: Svenn Petter Kjerpeset kallar toppen i bakgrunnen for kongen av alle toppar i Bremanger. Han har stått i bresjen for merking av ein ny sti til Gjegnen.

Det var på ein fisketur vi avtalte å utfordre det uoppnåelege. Fiskelukka var ikkje akkurat på vår side. Vi prøvde sluk, spinnar og makk i alle vatna utan napp. Svenn Petter oppmuntra meg heile dagen med at slik er fjellauren, lunefull til den plutseleg bit. Skodda kom og gjekk slik den ofte gjer i dette unike fjellandskapet på kysten. Men kva gjer det når vegvisaren kjenner toppane, breane, vatna og rutene som si eiga bukselomme. Dessutan har han, som nestleiar i Keipen turlag, T-merka stien frå anleggsvegen ved Storevatnet til Gjegnen. Det høgste fjellet vest for Jostedalsbreen på 1670 moh kallar han kongen av alle toppane i området. Bukkenibba, Kårnyken, Vetvika og Hornelen kjem på dei neste favorittplassane. Treng han variasjon, blir det ein sving opp om Keipen, Plogen, Saksa eller Hjelmen vest for Ålfotbreen. Alle venene på Facebook og Instagram kan følgje han frå tur til tur, og dei gamle på Svelgen Alders og Sjukeheim har fått eit stort knippe bilde for gjensynsglede med gode fjellminne.

FORMIDLAREN:  Nesten kvar veke, heile året dukkar det opp nye bilde i sosiale media frå landskapet rundt Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen. Fotograf: Svenn Petter Kjerpeset. Her ved utløpet av Skarvevatnet.

FORMIDLAREN: Nesten kvar veke, heile året dukkar det opp nye bilde i sosiale media frå landskapet rundt Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen. Fotograf: Svenn Petter Kjerpeset. Her ved utløpet av Skarvevatnet.

Hekta på tur

Spør du Svenn Petter Kjerpeset om kvifor han går så masse og kva som driv han ut og til topps nesten dagstøtt heile året, får du ikkje noko klart svar.  Skiftarbeidaren på Elkem Bremanger strør ikkje om seg med filosofiske perspektiv a la Rousseau og Kierkegaard om frigjerande tankar og fysisk velvære ved å gå og gå, langt og ofte.

Klarte å halde meg i ro i fire dagar for nokre år sidan.
— Svenn Petter Kjerpeset

-Rekorden er fire dagar, seier han og ser at ansiktsuttrykket mitt har trekk av spørsmålsteikn. – Eg klarte å halde meg i ro i fire dagar for nokre år sidan, utdjupar han og gjer det lettare for meg å forstå kvifor alle fotefara etter folk på denne fisketuren er avtrykk etter Scarpastøvel nr 46, kliss lik dei Svenn Petter Kjerpeset har på beina… «Hekta på TUR» står det på buffen han har tredd over hovudet. Her er sikkert beste forklaringa på den høge aktiviteten, men i 2011 slo også konkurranseinstinktet til for fullt. Det året viste gps-målaren 400.000 høgdemeter, med andre ord over 1000 høgdemeter kvar dag, heile året.

-Det året konkurrerte eg med Liv Sigdestad Brekke i Svelgen. Eg traff ho på coopen og sa at i år skal eg knuse deg etter at ho hadde slått meg i fjelltrimmen i Bremanger i mange år. Blikket ho sende meg fortalde at det skal vi bli to om. Dermed starta konkurransen. Eg vann, men måtte legge inn heile 412 turar berre til posten ved Moldahytta.

STORFISK: Klarer Svenn Petter å lande storfisken?

_IMG_6575.jpg
_IMG_6618.jpg
STORFISK:  Kilofisken blir grilla over bålet.

STORFISK: Kilofisken blir grilla over bålet.

Fiskelukke

Ideen om å klatre Maritinden dukka opp rundt bålet ved Kringsjåvatnet. Vi var i det lettsindige slaget etter at fisketuren enda med siger. Ved Skarvevatnet, under Gjegnalundsbreen, fann vi fram ein flugedobb og fekk to feite fjellaurar på over halvkiloen. I tillegg slapp skodda fram sola. Den imponerande fossen frå Skarvevatnet til Sælebotsvatnet skein som sølv. Ikkje rart gullsmed Magnus Hestenes valde dette som sitt hytteeldorado i 1943. På tilbaketuren fyrte Svenn Petter opp eit skikkeleg bål i grua si ved Kringsjåvatnet. Aurane flekte vi og sette på pinnar i røyken på samevis. Smaken var fjellgourmet i stjerneklasse. Vi vart liggande lenge og mimre om storturar og mektige fjell før tindeslukaren frå Bremanger nemnde Maritinden som den einaste toppen i kommunen han ikkje har lagt under seg. Vi gjorde ein avtale der og då; invitere gode klatrarar i Indre Sunnfjord Turlag til å guide oss opp.

INNFALLSPORT: Hylle 7 frå Førdedalen er perfekt innfallsport til Maritinden. F.v. Linda Stenseth, Ragnhild Gillesdal og Frode Hatten.

GUIDING: Terje Jan Nes og Frode Hatten skal sikre klatredebutantane Morten Haugum og Svenn Petter Kjerpeset. Fjellet Hjelmen i bakgrunnen.

Topptur

Klatredebutanten kan vegen. Vi køyrer på bomvegen inst i Førdedalen og tek oss lett gjennom bjørkeskogen inn til hylle 7. Svenn Petter seier ikkje stort, men har presentert dei inviterte turvenene Linda Stenseth frå Kalvåg, Ragnhild Gillesdal frå Kjølsdalen, Morten Haugum frå Førde og turkompis nummer ein, hunden «Fanteguten.» Terje Jan Nes og Frode Hatten frå Førde har sekkane fulle av tau og klatreutstyr. Dei har eit avslappa kroppsspråk i motsetnad til oss andre.

Dei mange fjellhyllene rundt Ålfotbreen ligg som dominobrikker frå aust mot vest og var ein av hovudgrunnane til at den raudgrøne regjeringa oppretta Ålfotbreen landskapsvernområde den 9. januar 2009. Slik devonsk natur finst berre her. Fjellklatrarane William Cecil Slingsby og Charles Hopkinson frå England kalla landskapet eit av dei villaste i Norge då dei gjekk frå Risevatnet ved Svelgen til Straumsbotnen i Hyen i 1885. Hyllene er skilt frå kvarandre med loddrette klipper og er vanskelege å krysse. Derimot er dei reine stovegolvet å gå på om du følgjer retninga frå nord til sør. Lite vegetasjon har festa seg i det knallharde sandfjellet som er knudrete og delvis spekka med konglomerat. Veret er lettskya med vind frå nord som held temperaturen nede. Meir kan vi ikkje forvente i eit av dei våtaste områda i landet.

Eit av dei villaste landskapa i Norge
— William Cecil Slingsby

Skrekkblanda fryd

Etter 1 time og 20 minutt har vi gått vel fire kilometer. Vi ser Hjelmen, vi ser Saga og Maritinden, etter kvart dukkar Plogen opp, mens Keipen ligg under synsranda vår.

Vi hastar i veg. Vi veit kva vi er på jakt etter. Vi veit kva som ventar. Kjenslene er ei slags skrekkblanda fryd. Praten til Terje Jan og Frode om klatreulukker og kva som skjer når ein sit fast i fjellveggen, roar ikkje akkurat nervane. I aust kan vi konstatere at isen framleis ligg på Nipevatnet i førstninga av juli. Skodda kjem sigande og limer seg til Plogen, mens byene truar frå nord. Skal det bli ein ufyseleg dag? Skal heile draumen om å stå på toppen av den luftigaste tinden i Ålfotbre-massivet ryke?

SIKRING :   Terje Jan Nes og Frode Hatten går opp ruta og set opp gode sikringar for alle.

SIKRING: Terje Jan Nes og Frode Hatten går opp ruta og set opp gode sikringar for alle.

_IMG_6800.jpg

Framme på breen, ved foten av Maritinden, er det taust i gruppa. Fanteguten prøver å få nokon med på leik med snøballkasting, men får liten respons. Han snokar også etter ei skive eller to med bedande auge og nærgåande snute, men lukkast ikkje. Berre Ragnhild, som har hund heime på Haus i Kjølsdalen, gjev seg tid til prat og kos med den firbeinte. Vi andre skifter til tørt, festar på oss seletøyet som ingen er heilt komfortable med. Terje Jan og Frode plukkar fram karabinar, slynger og kilar og 50 meter lange tau. Vi knipsar på oss hjelmen og ser Terje Jan ta seg opp i fjellveggen etter kvart som han fester kilar og sikrar taua som Svenn Petter og eg skal gå etter. Første hinder eller crux er å passere gleppa mellom fjellet og breen. Det blir forsert med eit kraftig byks før vi må baske med eit lite overheng mens Frode legg opp ei rute for Ragnhild, Morten og Linda.

DEBUTANT :   Linda Stenseth frå Kalvåg er i Maritinden for første gong. Ho har fått los på toppen av pinakkelen.

DEBUTANT: Linda Stenseth frå Kalvåg er i Maritinden for første gong. Ho har fått los på toppen av pinakkelen.

Konsentrasjon

Frode går opp til første standplass og lagar ei solid forankring. Morten, Linda og Ragnhild kjem sakte, men sikkert etter, nærast lydlaust og utan ord. Konsentrasjon om tak og fotfeste krev alt. Her på grensefjellet mellom kommunane Flora og Bremanger er egga knappe to meter brei med stupbratte flog ned på begge sider. Men her er nok tak til at vi kjem oss vidare opp mot ei djup, kald og bratt kløft. Det var her førstemann på Maritinden, bergensaren Christian Bing, i juli 1884 kilte seg til topps ved å presse kne og rygg mot bergveggane inne i kløfta.  

Terje Jan har vore her før og meiner det er ein smartare veg til toppen. Han studerer den luftige veggen mot sør der vi ser ned mot Storebotnvatnet, 1000 meter under oss. Klarer vi å finne ein oppgang her, er det kort veg opp til varden.

VERSKILLE: Ryggen mellom fjellet Plogen, Maritinden og Saga er eit verskille denne dagen, sol i sør, skodde i nord.

OVERBLIKK:  Maritinden ligg i skaret ved breen til venstre i bildet. Til høgre toppane Plogen og Keipen. Flyfoto: Alf Erik Røyrvik.

OVERBLIKK: Maritinden ligg i skaret ved breen til venstre i bildet. Til høgre toppane Plogen og Keipen. Flyfoto: Alf Erik Røyrvik.

Nordavinden har fått tak. På Nordfjordsida av Maritiden er det iskaldt, i sørveggen er det livd og sol. Eit Sea King redningshelikoper dukkar plutseleg opp frå vest. For litt sidan såg vi maskina flyge mot Florø frå aust. Har mannskapet kanskje observert oss og bestemt seg for å sjekke om vi sit skårfaste? I alle fall flyg dei tett forbi og kan registrere at gjengen har kontroll og jaktar på kicket, meistringsgleda og opplevinga det er å nå toppen av ein slik pinakkel.

Jubel

Terje Jan finn sikringspunkt på ruta han har valt mot toppen og tek seg lett opp. Det same gjer Frode som brukar same sikringane. Morten, Ragnhild og Linda følgjer etter. Linda klagar på for korte armar og bein, men svingar seg opp etter kvart. Svenn Petter og eg følgjer etter og alle slepp jubelen laus. Tanken, draumen, lysta har fått oss til topps, takka vere dei proffe klatreguidane frå Indre Sunnfjord Turlag.

Svenn Petter går bort til varden. Endeleg kan han slette lista over uovervinnelege fjelltoppar i Bremanger. Han strekkjer armane i veret og lovprisar guidane og turvenene som blei med og gav ei hand til toppen. Men det er noko forknytt i både jubelen og kroppsspråket. Tanken på at vi også skal ned att, heng i skallen. Han røper at tanken på rappellering, som han aldri har prøvt tidlegare, har plaga han heile dagen.

TIL TOPPS:  Maritinden tatt. Svenn Petter Kjerpeset har endeleg nådd alle toppane i Bremanger.

TIL TOPPS: Maritinden tatt. Svenn Petter Kjerpeset har endeleg nådd alle toppane i Bremanger.

ENDELEG: Høyr «tindeslukaren» når han når siste toppen i heimkommunen sin.

Panikkangst

Terje Jan og Frode gjer klart rappelfestet. Eit enkelt rosa band blir knytt rundt ein kraftig stein på kanten. Vi tviler ikkje på steinen, men held bandet som ser tynt ut? Held knuten om den er aldri så profesjonelt utført? Dei fjellvande skremmer oss litt ekstra med spørsmål om tauet når ned? Terje Jan set først utfor, kanskje for å sjekke taulengda, eller for å roe oss alle med at dette er på stell.

Eg kjenner på noko eg trur må vere panikkangst
— Svenn Petter Kjerpeset

-Eg kjenner på noko eg trur må vere panikkangst, seier mannen som ofte sit på Galleriet på Gjegnen og dinglar med beina 1000 meter over Bjørndalsvatnet. Då har han kontroll, no må han først og fremst stole 100 prosent på andre.

Bere eller briste

Frode knyter tauet inn i rappellåttaren som skal gjere Svenn Petter i stand til å styre nedfiringa sjølv. Åttaren hektar han inn på skrukarabinen som går gjennom sentralløkka på klatreselen. For at ikkje alt skal stå og falle med at Svenn Petter og vi andre har kontroll på rappelleringa, hektar han på eit sikringstau som blir forankra i ei taubremse i rappellslynga. Dermed er vi dobbelsikra ned fjellveggen.

Terje Jan, Morten og Ragnhild er trygt nede på breen, knapt 100 meter rett under oss.

-Dei verkar så små. Det er endelaust ned, sukkar Svenn Petter, men veit at eigentleg er det ikkje noko val. Her kan han ikkje bli. Det må bere eller briste.

PÅ KANTEN:  Intense sekund mellom liv og død på kanten.

PÅ KANTEN: Intense sekund mellom liv og død på kanten.

Litt stiv og støl etter ventinga i kulden og skodda frå Nordfjord, kravlar han seg fram på kanten. Frode tek ein ekstra sjekk på knutar og sele og instruerer med roleg røyst om å få rumpa ned og ut frå veggen. Kva som skjuler seg bak solbrillene til Svenn Petter, veit eg ikkje. Resten av kroppsspråket tyder på at komfortsona er passert for lengst. Han er på kanten, lener seg bakover, meinheld i tauet som går gjennom rappellåttaren før han slakkar litt og får denne frydefulle kjensla av kontroll og at rappellering er ein genial teknikk. Dei intense sekundane på hyllekanten frå panikk til kontroll er som ei reise frå fødsel til død og tilbake til livet.

Fjelldans

Vel nede og ute av tauet tek klatredebutant Svenn Petter Kjerpeset ein fjelldans. Fanteguten bykser og gøyr av yr glede over å sjå herren igjen, eller kanskje han berre trur at mannen endeleg vil leike?

Vi har besøkt Maritinden i fem timar. Klatring med sikring, forankring og rappellering tek tid. Vi har sett skodda og sola kome og gå før skodda bestemmer seg for Nordfjordsida, mens sola framleis rår grunnen i Sunnfjord. Det verkar som verskillet går akkurat her på egga frå Plogen til Saga over Maritinden.

Vi fyller på med mat og drikke og set kursen tilbake mot sjuarhylla og Førdedalen. Vi oppfører oss som nyutsleppte kalvar nedover breen, sprett og spring, ler og haukar. Ei blanding av lette, meistringsglede og sikkert ei heile rekke med lysthormon boblar i kroppen. Vi har rusa oss på Maritinden og er konge i eige liv.

FJELLDANS : Rusa på natur og lysthormon dansar vi heim frå Maritinden.

FJELLDANS: Rusa på natur og lysthormon dansar vi heim frå Maritinden.

Arve Sandal (f. 1948) skriv om miljø, natur og friluftsliv. Han er frå Sandane, bur i Førde og har medieutdanning frå Høgskulen i Volda. Sandal har vore journalist, vaktsjef og redaksjonssjef i Sunnmørsposten og NRK. Han har også vore kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane og bygt opp Nynorsk avissenter i Førde. Arve Sandal har laga mange TV-program, skrive ei barnebok og to praktbøker om natur og friluftsliv.