1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Bukkerittet i Mesopotamia

Bukkerittet i Mesopotamia

Bøjakt er ikkje nok for hjortejegerane i Hyen. Dei jaktar på meir enn kjøt i frysaren.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Jeger ser utover fjorden

Tekst: Arve Sandal
Foto: Geir Ole Laberg

BERRE NOKRE METER frå bilen går hjortane og beitar på bøen i grålysninga. Synet pirrar jaktinstinktet, men jegerane køyrer forbi. Dei er ikkje ute etter slakt.

Ut Hyefjorden susar ein 16-foting gjennom skodde og duskregn. Dei grønkledde stoggar ved Almen, Oddvin Holme svingar innom og tek dei om bord. Randi Holme, Torbjørn Sælen, Kåre Holme, Andreas Røyrvik og Anders Ommedal skal teste killer-instinktet. Eg tippar dei ikkje trur heilt på slagordet om at det enkle ofte er best.

I HYESTRANDA, på vestsida av fjorden, går dei i land. Stadnamn som Røysskredsvora, Berghammaren, Kaldeklova og Bjørneura tyder ikkje på ein tur i parken. Dei har kanskje lese Bjørnsons «Paa Guds veje» om at vestlandsnaturen «nøder dem til å by imot, viss de ikke vil kues.» Fotograf Geir Ole og eg kjenner lettare angst ved tanken på forsering av rasliene og dei stupbratte gjøla som heng i fjellsida over oss. Turistar som kjem til Hyen og får høyre om det ekstreme jaktterrenget, lurer på om dei innfødde i det heile tatt har hus og mat.

Anders og Andreas tek dei to angstbiterske med seg opp Sandsvorgjølet. Dei andre finn landingsplass lenger inn i stranda. Målet er å kome seg opp under fjellhamrane i gode skyttarposisjonar før jagarane kjem eit par timar seinare for å drive hjorten fram frå skjuleplassane.

Om her er dyr denne laurdagen i slutten av september, veit ingen, men tidlegare på hausten har dei observert brune skrottar gjennom kraftige kikkertar frå andre sida av fjorden. Hjorten i Hyestranda er ofte på vandring, både mot Skjerdalen, Hope og over Ålfotbreen mot Norddalsfjorden.

Jeger går opp i bratt terreng

Jaktterrenget i Hyestranda er så bratt at Andreas Røyrvik og jaktlaget brukar stige opp hamrane.

ANDERS FINN VEGEN opp på ein fjellrygg over elvegjølet. Trass sin unge alder på 26, er han jaktleiar i Holme Jaktlag. Han har nærast arva rolla etter faren Nils og fekk ja frå alle i laget som vil ha fram neste generasjon. Onkel Andreas er fadderen hans og seier skjemtande at hans jobb er å syte for at strikjen får seg dame og blir ein førsteklasses jeger. Det siste har han lukkast godt med. «Fadderbarnet» har snart 100 hjortedyr på samvitet, har blitt jaktinstruktør i bygda og leiar i Hyen Jakt og Fiskelag.

– Hjortejakta er høgdepunkt og samlingspunkt i Hyen. For meg var jaktmiljøet avgjerande då eg valde å flytte heim til Hyen, bli lærar i bygda og ta over odelsgarden på Holme, røper Anders.

Han snakkar om spenninga, naturopplevinga, men aller mest om den sosiale fellesskapen med grannar og jaktkompisar. Han var berre 10 år på sin første tur som hjortejagar i Hyestranda. Etter 18-årsdagen har han felt fleire hjortar her, og ein gong fann han eit kjempegevir med 17 taggar.

 

“For meg var jaktmiljøet avgjerande då eg valde å flytte heim til Hyen”

— Anders Ommedal, lærar, bonde og jaktleiar

 

–TROLLHJORTEN, seier han med alvorleg mine.

Kroppsspråket røper respekt. Han veit at dei største kronhjortane er store fordi dei er smarte og tøffe. For alt vi veit kan Trollhjorten ligge urørleg i mosen berre nokre titals meter unna og stole på kamuflasjen sin. Ingen har sett kjempehjorten, men geviret røper at han kan vere større enn den største som er tatt her på 142 kilo slaktevekt. Den vart felt av Ottar Holme som er ei jaktlegende i Hyen. Han er borte no, men var jeger på sin hals, følgde hjortetrekka i stranda med kikkert og la grunnlaget for mykje av jaktkompetansen til hyarane i det stupbratte terrenget.

– Her er eit godt teikn, seier Anders og peikar på avsaga bjørkegreiner.

Vi er på rett veg, i fotefara til Ottar som rydda stiar inn i jaktområdet. Vi held oss fast i hasselgreiner og bjørkeleggar og torer knapt kike ned i avgrunnen. Kva skal vi her? Det er ikkje nauda som tvingar oss. Holme Jaktlag har hjort på bøen og sikkert kjøt frå i fjor i frysaren.

Foss

– RÅ SPENNING, forklarer Anders.

Kanskje dette er Hyens svar på «roller coasteren» der folk får rå spenning ved å henge opp ned i berg og dalbane, tenkjer eg. Eller kan jakta på fjellhyllene vere bygda sitt dop? Eg liksom høyrer ekkoet frå hjerneforskaren som legg ut om korleis hjernen skiljer ut lukkehormonet dopamin og pirrar lystsenteret når vi fornemmar suksess der framme. Stå på, du kan lukkast! Gå på, du kan klare det, lyder den indre stemma frå hjernecellene som visst nok på mirakuløst vis huskar triumfane våre og lokkar oss til å prøve igjen anten det er idrett, dataspel, aksjespekulasjon eller ekstremjakt. Med andre ord, til sterkare prestasjon, til meir dopamin, til større lukke! Kanskje hjerneforskaren ville sagt at denne fjellveggen av slit og farar for å overmanne hjorten som er på heimebane med alle fordelar, kan bli toppen av lukke?

«Til sterkare prestasjon, til meir dopamin, til større lukke.»

 

HEILE HYESTRANDA og lia på vel ei mil er ein del av Ålfotbreen landskapsvernområde.

Mens vi kravlar oss oppover, er det lett å lure på kva som er vitsen med vern av noko så ulendt og uframkomeleg? Lia vernar seg sjølv. Men på ein pust i bakken, under hasseltreet, minnest eg ei setning om at Hyestranda er den lengste, urørte lia med edellauvskog i landet. Vi har i alle fall kroka oss forbi både rogn, osp og alm. Kanskje det er fjordlier som dette botanikarane snakkar om når dei fortel om vestlandsk regnskog med eit heilt univers av lav, mosetypar, plantar og lauvtre? På alle fire kraup vi nett over ei ur, teppelagt med lysegrøn, klissvåt mose. Sleipt og slitsamt for oss, men topp for fotosyntesen. Det blir liksom litt lettare å gå her når ein ser på rasmarka i Hyestranda som ein storforbrukar av problemet CO2 og ein storprodusent av livsviktig oksygen.

Bukkemarka kan også skryte av å ha gjeve namn til ei lita, beskjeden bregne som for aller første gong vart oppdaga i eit fossil under Gjegnalundsbreen. Hyenia vart namnet, 390 millionar år, sa forskarane om alderen på fossilet. Fjellformasjonane og vegetasjonen vi baskar oss gjennom kan med andre ord ha forandra seg og utvikla seg over fleire hundre millionar år.

KLOKKA 1220 ber Anders oss roe ned mens han sjekkar nokre hyller over oss. Vi rekk knapt å få i oss ein neve blåbær, store som druer, før han rapporterer over jaktradioen om ein spissbukk, eller beinhynnel som dei seier i Hyen, som beitar 70 meter frå han på ei grasslette innerst i elvegjølet. Å felle bukken er uaktuelt. Den vil berre ramle hundrevis av meter og vere tapt som menneskemat.

Jaktleiaren rapporterer til alle over jaktradioen om dyr og hjortelukt i området. Like etterpå ser vi også dyr lenger framme i fjellråsa. Kanskje dukkar hjortane opp framfor skyttarane Torbjørn og Kåre aust for oss? Dei og Randi er klare på post. Vi skal rigge oss til på ein kolle som var posten Anders fekk tildelt i loddtrekninga kvelden før. Han reknar plassen som ein av dei beste når jagarane tek til med drivinga opp etter lia. I tillegg har vi vinden på vår side, mot oss, slik at hjorten ikkje får menneskelukt i den sensitive nasa si.

Jegere speider etter hjort

Onkel Andreas Røyrvik har vore læremeister for Anders. I dag er «fadderbarnet» sjefen.

KLOKKA 1131 kjem det gladmelding på radioen. Torbjørn har felt ein firegreinar nedanfor Bjørnura. Anders og Andreas skifter straks kroppsspråk. Dei blir strammare i blikket, hiv av seg sekken og snakkar lavmelt om å kome seg raskt på post i tilfelle dyra anar uråd og legg ut på vandring langs fjellråsa. Dei skifter til tørt tøy, ikler seg kamuflasjejakke, skrur lyddemparen på børsa, ladar opp med fem skot og er ikkje tilsnakkande.

Anders er sjefen og instruerer onkel og læremeister om hans posisjon. Sjølv tek han seg raskt fram bak ein stein på kollen, fester blikket, «frys» kroppen og gjev beskjed på radioen om at han er på post.

JAGARANE nede ved fjorden kvitterer med at drivinga opp mellom Selvågsvora og Røysskredsvora er i gang for fullt. Syster til Ottar, Sølvi Holme saman med Oddvin Holme, Ove Solheim, Simon S. Holme, Knut Tore Holme har gjort dette før. Dei kjenner det ulendte terrenget, held så godt dei kan ei linje og lagar mest mogleg støy for om mogleg å få eventuelle dyr til å trekke opp mot skyttarane i «Mesopotamia» som hyarane spøkefullt kallar dette fjellandet mellom elvane.

Alle veit at no er det eit spørsmål om kven som er smartast? Hjorten på minst 100 kilo levande vekt kan forflytte seg superraskt i det kuperte terrenget, eller den kan bestemme seg for å stole på kamuflasjen og lure seg rundt og bak drivarane. Dei firbeinte har suveren luktesans, øyrer som parabolantenner og kan fort endre strategi og retning om dei fornemmar menneske i mosen.

Heilt sidan første bogepil dirra inn i bogen, har hjortedyret utvikla frykt for tobeinte. Hyarane sitt fortrinn er at dei kjenner trekkrutene til dyra, er gode jegerar og har lokalkunnskapen til jaktmeister Ottar i blodet.

Jeger med rifle i terrenget

Anders held pusten, som Peer Gynt. Er det endeleg klart for mannen mot bukken?

Klokka har passert 1230. Anders sit like spikra på posten sin med blikket festa på fjellråsa og fingeren på avtrekkaren. 10 minutt etterpå kjem ei kolle og ein kalv ut mellom buskene og passerer roleg 10 meter under han. Eit lett skuldertrekk viser at jegeren ikkje er interessert. Kolle og kalv er ikkje målet. Det er bukken han ventar på, helst Trollhjorten.

KALVEN HOPPAR OG SPRETT med lett eleganse som om bukkemarka var ei trampoline. Også denne kroppen er «made in Hyen.» Den kom sikkert til verda i slutten av mai på ein god skjuleplass mellom snøskreda nede ved fjorden. Etter berre 30 minutt kunne den stå på eigne bein og suge seg eit halvt kilo tyngre for kvar dag. Sidan den tid har den gått på skule med mor som læremeister og ete av dei beste knuppane, det saftigaste graset og funne ruta langs fjellråsa.

Kanskje den i vår også fekk smaken på kvitveis som hjorten sitt snop?

Hjort i flukt

Hjortekalven sprett som om bukkemarka var ei trampoline. Den har hatt mora som læremeister i Hyestranda.

Kåre Holme har framifrå oversikt over heile «Mesopotamia» frå sin jaktpost i himmelsjå. Han rapporterer til jagarane over radioen om to bukkar med gevir på fire og fem greiner som har stokke seg vekk i buskaset framfor dei. Han får kvittering tilbake om at dei er på veg og håpar å løyse dyra.

Klokka 1310 stig adrenalinet brått i blodet til Anders. Han høyrer lyd i krattet. Kroppen sit urørleg i lyngen med skjerpa sansar og større pupillar. Mentalt går han gjennom bildet av hjorten og innfallsvinkelen han må ha mot bogen fordi han sit over dyret. Sjølvtilliten etter mange felte dyr og innertiarane på skytebana er god å ha. Hjernen produserer dopamin og skaper forventing om ny suksess og lukkerus.

Han held pusten som Peer Gynt. Høyrer han knirkinga frå hoven? Ser han greinene i hornet? Er det endeleg klart for mannen mot bukken?

BRÅTT FÅR HAN EIT GLIMT av den brune, sommarfarga pelsen og registrerer så vidt fire greiner i hornet før dyret like brått er ute av synet. Anders er overumpla. Kvar er bukken? Kvifor kjem den ikkje som forventa vidare på råsa? Har den ant uråd? Har den tverrvendt? Eller har den som bukken til Peer Gynt gjort eit himmelsprang og sett utfor?

Han rekk så vidt å fornemme spørsmåla før han ser firegreinaren bykse opp bratthenget og bak han. Anders reiser seg, snur seg og ser bukken i augene før han bestemmer seg for ikkje å skyte. Mellom han og hjorten ligg fotograf Geir Ole. Skyting er uaktuelt for jaktleiaren. Ansvaret er sterkare enn lysta på suksess. I staden for lystsenteret blir «oh, shit-senteret» i hjernen aktivert. Anders set seg roleg tilbake på post, fester på nytt blikket på råsa og svelgjer nederlaget. Som i «Bukkerittet» til Peer Gynt går vel bukken der enno.

Jeger med rifle i terrenget

I staden for lystsenteret, blir oh, shit-senteret i hjernen aktiviert.

Jagarane Ove og Knut Tore dukkar opp halvtimen etterpå. Anders trekkjer tilbake sluttstykket og tek ut magasinet. Det vart ingen skot, ingen fangst på den gode posten i dag. Han gjev melding på radioen om forflytting til nye posisjonar før jagarane driv eventuelle dyr lenger opp i terrenget.

DEN UNGE JAKTLEIAREN imponerer meg. Han sparkar ikkje i mosen over tapte slag. Han overlet ein god jaktpost til onkelen og forflyttar seg til ein mindre attraktiv post høgre opp i terrenget.

Berre 10 minutt etter at drivinga har starta på nytt, gjallar eit skot under fjellhamrane i Hyestranda. Det er jagar Oddvin som har fått ein beinhynnel i kikkertsiktet. Bukken stakk etter skotet ned lia mot gjølet og er ute av synet. Oddvin er usikker på om det vart treff? Ikkje før har han signalisert uvisse, før det smell på nytt. Onkel Andreas rapporterer om eit godt skot mot ein beinhynnel som forsvann i hamrane og dvergbjørkene nedanfor han.

Å finne att skotne dyr, er ei stor utfordring i den stupbratte bukkemarka. Sjølv om skotet kuttar livslina til hjorten, kan skrottane trille ned skråningane, utfor berg og hamrar og gjerne heilt ned i elvegjøla. Hjorten skulle helst vore bardunert før jegeren let skotet gå.

Både Oddvin og Andreas legg i veg på søk etter dyra. På andre sida av fjorden sit son til Andreas og søskenbarn til Anders, Alf Erik, med kikkert og hund. Han har ettersøksvakt i Gloppen og kan vere på pletten om det trengs. Men søk etter eventuelle skadeskotne dyr er unødvendig denne dagen. Både Oddvin og Andreas rapporterer etter kvart om funn av to livlause bukkar. Anders stansar jakta. Klokka har passert 17. Dei to ungdyra, i tillegg til firegreinaren som Torbjørn felte tidlegare på dagen, skal slaktast, parterast og berast i særs ulendt terreng ned til fjorden. Jaktleiaren fordeler mannskapet på dei tre dyra og legg sjølv i veg ned gjølet for å hjelpe Oddvin.

Jegere flår hjort

Anders Ommedal, Knut Tore Holme og Oddvin Holme må slakte og partere hjorten før byttet kan berast ned til fjorden.

SLAKTING UTE i terrenget er hardt arbeid for rygg og knehasar. Men jegerar som har lært seg kunsten i «Mesopotamia», ser ut til å tåle påkjenninga. Oddvin og Anders slaktar og flår med sikker hand. Ingenting av tarminnhaldet skal ut i buken, det skal ikkje vere rift etter kniven i kjøtet, indrefileten skal lirkast skånsamt ut og bli hovudingrediens på den store jaktfesten til Holme Jaktlag. Etter halvannan time kan dei strekke lemstre kroppar. Jobben er gjort og lærling Knut Tore på 17 har fått nye tips om flåing og partering.

Geir Ole og eg tilbyr oss å dele på beringa av kjøtet ned urene mot fjorden. Jegerane takkar pent nei utan at vi heilt forstår kvifor? Tenkjer dei kanskje at urbanistar som oss frå småbyen Førde ikkje har kne, lår og rygg til 25 kilo i sekken?

I kveldsskyminga, eit par timar seinare, får vi svaret heime på garden til Anders. Der står foreldra Aslaug og Nils og grannen Ola Holme klare til å avgjere konkurransen. Sekkane skal vegast før kjøtet blir tatt ut og hengt til mørning. Sekken til Anders veg 33 kilo. Onkel Andreas smiler breitt. Vekta over hans sekk, med sjølvskoten bukk, stansar på 36. Han vart den største lukkejegeren i dag. «Fadderbarnet» lyser av revansjelyst.

Jegere står oppstilt

Dagens lukkejegerar i Holme Jaktlag, bak frå venstre: Ove Solheim, Knut Tore Holme, Simon Solheim Holme, Kåre Holme. Framme frå venstre: Andreas Røyrvik, Anders Ommedal, Torbjørn Sælen, Oddvin Holme. Også Randi Holme og Sølvi Holme Sælen var med på jakta i Hyestranda.

Kvinner serverer mat

Holme Jaktlag samlar alle indrefiletane i løpet av hausten og lagar hjortefest i bygda. Ingeborg Sande og Randi Holme er to av kokkane.