Arve Sandal

Finast på tur

Arve Sandal
Finast på tur

Kanskje er det ordet gullsmed som set oss på tanken: Kva er finast med dagens lange vandring rundt Ålfotbreen?

Tekst og foto: ARVE SANDAL
Vegvisar: HALLGEIR HANSEN

Kva kan måle seg med solnedgangen over Nordfjorden på ein 16 timars vårskitur?

Vi ligg på rygg i lyngen over Gullsmedhytta og fossen ned frå Skarvevatnet. Lår og leggar treng kvile etter 14 timar over hyller, eggar og sugande breflater. Kanskje gullsmed Magnus Hestenes frå Bergen også pusta ut akkurat her? Hytta under oss fekk han oppført i 1943. Grunnen veit vi ikkje, men han som mange andre drøymde seg sikkert vekk frå byen og inn i barndommens fjellrike. Kvifor elles har vatnet ved hytta fått namnet Sælebotsvatnet? Eller kanskje kom han hit for å finne inspirasjon til smykkekunsten i ville fjellformer og glitrande fossar?

Ved fossen over Gullsmedhytta osar vi av sjølvtillit og mannsmot.

Kva som er fint, kjem sjølvsagt an på auget som ser? På tur rundt Ålfotbreen er som regel ikkje dette filosofiske spørsmålet mest interessant. Hjernen har nok med å finne rute og fotfeste i dei steile hyllene som omkransar breen. Dessutan er dei fleste som går i området opptatt av å nå det høgste målet. Dei skal på Gjegnen som kneisar loddrett som ein fjellbauta opp frå Bjørndalsvatnet. Der oppe er det fritt utsyn frå Jostedalsbreen til skipsleia. Kva er vel finare enn storslått utsyn og kjensle av å vere konge over folk og land?

Turkompis Hallgeir Hansen og eg har også vore på Gjegnen denne laurdagen i juni. Også vi fekk kongekjensla etter å ha klatra, sveitta og staka oss opp til det frie utsynet frå bre til hav. Sidan toppen på 1670 høgdemeter er omsverma av skyer og skodde det aller meste av året, var panoramaet der oppe ei kjensle av eksklusivitet.

Her i lyngen over Gullsmedhytta osar det av sjølvtillit og mannsmot. Vi har svinga oss fleire kilometer ned over Gjegnalundsbreen på til dels krevjande føre. Vi har vore på vandring i 14 timar frå demninga ved Bjørndalsvatnet til Bukkenibba, den nest høgste fjelltoppen i Bremanger på 1515 meter over havet. Hallgeir fann ein trygg veg frå nibba ned til dei krunglete Y- og X-vatna på rundt 900 moh før vi gav oss i kast med 800 nye høgdemeter over hyller og breflater opp til toppen av Gjegnen. Det kjennest som vi har klart manndomsprøva og fått Gjegnalundsmerket, viss det hadde funnest eit slikt alternativ til Birken.

Vårskitur over Bukkenibba og Gjegnen byr på tre klimasoner. Vinteren har framleis overtaket ved Y-vatnet.

Er vi ærlege, er det lett å kåre meistringsgleda til det finaste med heile turen. Sjølvtilliten får eit løft etter vellukka turar i dette landskapet. Men her vi ligg på rygg og kviler trøytte musklar, snakkar vi ikkje høgt om karsstykket. Vi legg merke til  molteviser rundt oss på alle kantar og  fornemmer den søte julesmaken. Det er som eit under at denne planten kan utvikle noko så saftig, velsmakande og søtt med snø og is rundt seg på alle kantar.

I fjella rundt Ålfotbreen treng issoleia mange år på å samle nok næring i røtene til utvikling av blomster  og frø.

Det minner oss om ein annan tøffing som lyste mot oss mellom steinhellene på Bukkenibba. Der var issoleia på offensiven. Ho hadde falda ut parabolen sin for å fange sol og varme. Vi beundra livskrafta som toler hauststormane og vinterkulden her oppe, mens vi, to staute karar, har nok med å takle terrenget ein strålande junidag. Issoleia, i 1500 meters høgd, har brukt mange år på å samle nok næring og energi i røtene før den klarer å få fram blomster og modne frø? No er den på oppløpssida før snødrev og kulde tek over kommandoen igjen om nokre veker. For eit strev, for ei kraft, for eit mot.

-Issoleia kan godt få tittelen dagens finaste, seier Hallgeir men hallar til at den sterke kontrasten mellom det arktiske isaudet rundt Gjegnen og den brusande fossen med våryr vegetasjon her ved Sælebotsvatnet er toppen for kroppen. Han minner om at vi på ein time har sust gjennom tre klimasoner frå vinter, til vår og gryande sommar.  

Den utskjelte sørvesten har også ei fin side. Den kan lage naturkunst på Bukkenibba.

Eg kan lett slutte meg til at variasjon er oppskrifta på eit godt liv, men har eit bilete fastbrent på netthinna. Sidan ingen av oss har vore på Bukkenibba tidlegare, vart vi gledeleg overraska over ein lang, elegant og trekanta snørygg på kanten av stupet. Eg fekk det føre meg at her har den utskjelte sørvesten vist seg frå si beste side og laga naturkunst med bukkeryggen som modell. Som eit mysterium har dei brutale kastevindane og virvelvindane pakka saman fjørlette snøfnugg til ein vakker, skulptur med 500 meter lange linjer og glatte, vinkelrette flater. Det kjendest som eit lite brotsverk å trakke på kunstverket, men vi orsaka oss med at sol og vind ryddar opp etter oss.

Lange snørenner og godt merka sti gjorde heimturen lett, mens kveldssola spegla seg i Nordfjorden og testa rosafargane sine i Gjegnen. 

I juni testar kveldssola rosafargane sine i Gjegnen.

Skjermdump frå Norgeskart som syner ruta som Arve og Hallgeir gjekk på turen over Bukkenibba, Gjegnen og over til Gullsmedhytta. Klikk på skjermbildet for å gå til interaktivt kart.

Skjermdump frå Norgeskart som syner ruta som Arve og Hallgeir gjekk på turen over Bukkenibba, Gjegnen og over til Gullsmedhytta. Klikk på skjermbildet for å gå til interaktivt kart.

Arve Sandal (f. 1948) skriv om miljø, natur og friluftsliv. Han er frå Sandane, bur i Førde og har medieutdanning frå Høgskulen i Volda. Sandal har vore journalist, vaktsjef og redaksjonssjef i Sunnmørsposten og NRK. Han har også vore kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane og bygt opp Nynorsk avissenter i Førde. Arve Sandal har laga mange TV-program, skrive ei barnebok og to praktbøker om natur og friluftsliv.