Rein galskap

Må ein til Grønland eller Sørpolen for å kjenne susen av ekspedisjon? Eller er det nok å ta med kanoen på Ålfotbreen?
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

To menn bærer kano

Tekst: Arve Sandal
Foto: Arve Sandal og Vegard Fagerli
Artikkel 1 av 3 «REIN GALSKAP»

Endeleg er vi i gang. Etter mykje tvil og tru, lang tids planlegging og venting på godver, stikk vi padleårane ned i Bjørndalsvatnet og glir frå land. Over oss heng den kolossale 1000 meter høge fjellveggen i Gjegnen. Eg huskar det svimlande magesuget der oppe på Galleriet for eit par månadar sidan. Er det same skrekkblanda fryd som fyller kroppen i dag?

Klarer vi storturen med kanoar frå Ålfoten til Norddalsfjorden over vatn og elvar, brear og fjell ?

Kjem vi fram gjennom urar, stryk og gjel? Vil veret halde i slutten av september?

For ei veke sidan var vegane over Sognefjellet og Strynefjellet stengde av snø. Vi er budde på blodslit og har forventing om sterke inntrykk og varige stunder.

Turfølgje

I den eine kanoen sit Knut Hjermann (54) frå Florø. I oppveksten var han ofte på tur og hjortejakt med far sin i desse fjella. Då ungdomsarbeidaren vende heim til Florø etter mange år i Oslo, inviterte broren Torleif og turkameratane han med på Ålfotbreen og fjella rundt. Men nordsida av denne fjellheimen er ei ny oppleving for atleten som har sett mange symjerekordar i heimbyen. Makkeren hans i kanoen denne dagen er trønderen Vegard Fagerli (38) frå Svorkmo ved Orkanger. Som miljørådgjevar i Sogn og Fjordane Energi på Sandane er han ofte på jobb i dette området for målingar og synfaringar. Lange terrengløp a la Hornindal rundt i 12 timar er stas for denne mannen. Bak meg i kanoen sit turkamerat Hallgeir Hansen (59) som har Gjegnen og fjella rundt Ålfotbreen som prioriterte turmål. Vi to har snakka om denne padleturen i over eit år, vore på synfaring og testrunde, men er likevel usikre på om vi kjem fram over hyller, skrentar og blåis. Eg må tilstå at eg er ekstra spent sidan eg er mitt syttiande år.

Klarer eg å henge på dei yngre og fjellsterke karane, eller blir eg fort ein klamp om foten?

Personer i kano

MOTVIND: Tredagarsturen startar på Bjørndalsvatnet under hyllene på Bukkenibba. Knut Hjermann og Vegard Fagerli må ta skippertak i motvinden innover vatnet.

Ingen gratis lunsj

Kraftig vind frå sør bryt opp det nedtappa Bjørndalsvatnet. Vi må dra hardt i padleårane for å ta oss inn til osen der nokre kollar og eit par urer ventar på det merkelege turfølgjet. Vi stig i land og ber kanoane mellom oss over kratt og kampesteinar. Det går så pars seint for meg, som også skal knipse bilde, at spreke Hallgeir tek den 17 kilo tunge Ally-kanoen på ryggen og balanserer som ein linedansar gjennom ura. Etappen ber bod om kva vi har i vente i dette landskapet. Trass flytemiddel, blir heller ikkje dette nokon gratis lunsj.

Mann bærer kano

UFRAMKOMELEG?: I ura sør for Bjørndalsvatnet får vi ein peikepinn på kva vi har i vente.

Mann bærer kano

Frigjerande

Det smale vatnet, som er merka på kartet med 552, byr på idyll og mindre vind. Vi merkar kor frigjerande det er å kome inn i urørt og vill natur og unner oss ein liten rast før neste padleetappe inn mot vatn 560.

Tala viser høgde over havet. Mange av vatna på ruta vår manglar namn fordi her ikkje er farande til fots. Namn på vatn, elvar og fjell var tidlegare tiders gps og nyttig for bøndene når dei skulle koordinere jakt og sauesanking. Her har ingeniørane og kraftutbyggarane rådd grunnen. For dei er det tal som tel.

Personer i kano

URØRT: Vill og urørt natur pirrar fridomskjensla.

560 minner om diktet til Olav H. Hauge om ein våg vi ikkje visste om. Vatnet er omslutta av dei mektige fjella Gjegnen og Bukkenibba. Inst i dalen sprutar ein vakker foss før vatnet glir over i sandstrand og haustfarga vollar.

Då Hallgeir og eg var her på testrunde i august for eit år sidan, stod moltene og lyste i vasskanten. Det var berre å strekke ut handa og fylle ganen med fjellets gull. No er det for seint på året til slik dessert, men blåbæra har halde ut og er enno friske i smaken.

Ekspedisjon?

Her innerst i vågen er det godt å vere menneske. Vinden har stilna, naturen byr både på villskap og idyll, sola varmar og vi har ei eksklusiv kjensle av å vere dei første menneska på akkurat denne delen av kloden. Kan vi driste oss til å kalle turen vår ein ekspedisjon? Handlar ikkje ekspedisjonar om å oppdage det ukjente, oppleve det unike, ta seg fram med berre muskelkraft, klare seg utan støtte og ekstra forsyningar? Ikkje slik å forstå at vi prøver å samanlikne oss med Børge Ousland, Lars Monsen eller Fritjof Nansen for den del. Men vi går opp nye ruter, vi skal klare oss med det vi har i sekken, vi er utan mobildekning og ser neppe folk på dagevis.

 

«Vi har ei eksklusiv kjensle av å vere dei første menneska på denne delen av kloden.»

Mann holder åre

FØRSTE GANG: Kanskje er vi dei aller første her inne i vågen, i alle fall med kano. Er det ein ekspedisjonstur vi har starta på under fjellveggen på Gjegnen?

Kva er vitsen?

Kanskje for å utsette oppstigninga på 300 høgdemeter gjennom det storsteinete skaret over oss, blir vi ståande på myra og diskutere meininga med slik framferd.

Kva er vitsen med å utsette seg for tunge bører, farar og blodslit? Treng vi bevis for at vi er tøffe karar? Er vi på jakt etter status og anerkjenning? Flyktar vi frå kontorrutinar og kvardagens uuthaldelege lettheit?

Vi står i ein sirkel og nikkar. Alle kjenner seg litt igjen i slike motiv.

– For meg handlar det også om å sjå naturen og landskapet rundt Ålfotbreen på ein ny måte, frå nedsida så og seie. Utsikt og stemningar langs mange av vatna er ikkje mogleg til fots. Eg merkar allereie at vi frå kano får tak i noko nytt og ekstra, seier Hallgeir før han slenger sekken med Allyen på ryggen.

Det er berre å gje seg i kast med skuggane, kampesteinane og sleip sotlav opp skaret. Vi har allereie brukt fem timar sidan starten og har langt att til Store Åskorvatnet som er målet for dag ein.

Person på fjelltur

KAMPESTEINAR: Med kano i sekken smyg vi oss gjennom skaret som minner om ei kulisse i Ringenes Herre.

Ringenes Herre

Som vatna har heller ikkje skaret opp til 900 meter over havet noko namn, men ser ut som ei kulisse i Ringenes Herre. Steinane vi må smyge oss rundt er til dels store som hus. Det var slikt som låg att etter kampar mellom troll, heiter det i mytologien. Derfor fekk dei namnet kampesteinar.

Mellom steinane og blokkene siklar ei elv og lagar verdas grønaste mose. Kanskje det er mangel på sollys som gjer fargen så intens? Her trengs sikkert overdosar med klorofyll for å få tak i det som er. Eit par fjellryper flaksar opp og studerer oss frå ei fjellhylle. Dei har heilt sikkert aldri før sett slike raringar med padleårer på ryggen.

Grønn mose

KOMPENSASJON: Mosen står eirgrønn i skaret. Kompenserer den for lite sollys med ekstra klorofyll?

Rype i horisont
Personer monterer en kano

FORVENTNING: På 20 minutt er kanoen montert. Framfor oss ligg fjellvatna på rekke og rad.

Personer padler kano

Perlekjede

Vel oppe og framme ved vatn nummer fire for dagen, må vi ha styrkedropar. Mens kaffivatnet kokar over primusen, monterer vi opp att kanoane av PVC-duk, aluminiumsstenger og ei kraftig skummatte i botnen. Framfor oss ligg eit heilt «perlekjede» med flotte fjellvatn. Det første er jamvel dekorert med ein liten snøbre i sørenden. Det er berre å sette seg på sekken, legge frå land og kjenne på gleda over å kunne flyte i veg utan særleg bruk av musklar og krefter. Slitet med å bere på kanoane blir betalt kontant.

VARIASJON: Ein liten snøbre er fin variasjon før neste vatn.

Høgdepunkt

Hallgeir hastar på og dreg kanoen over snøbreen. Ned lia løftar vi farkosten mellom oss til vatn 866 der ein stor foss sprutar ut av overføringstunnelen frå Z-vatnet lenger aust. Med varm og god kveldssol midt imot glir vi langs lyngrabbar, skrentar, holmar og loner ned mot Øvre Bredvatnet. Vi nådde det akkurat før sola stikk bak fjella i vest klokka 1823. Dette er dagens høgdepunkt i velvære. Dei einaste lydane er suset frå fossen, vinden og padleåra. Alt er så perfekt at vi nyttar sjansen til å fortelje SFE-mannen at dette er plassen for ei DNT-hytte som kan halvere 15-timars-turen mellom Blåbrebu i vest og Gjegnabu i aust.

Vegard svarar med å spørje om det ikkje er stas å klare seg på eiga hand utan tilrettelegging? Om vi verkeleg vil ha kø også her som på Preikestolen og Besseggen?

– Det må vere så tilrettelagt at vi kan gå her, ler Hallgeir.

Langs elva ned mot Øvre Bredvatnet ligg plutseleg ei tørr, fin myr og byr seg fram. Finare og meir idyllisk leirplass er vanskeleg å finne. Klokka har passert 19. Om vel ein time er det mørkt. Vi har ingen sjanse til å nå heilt til Store Åskorvatnet som planen var. Etter ei kort rådslaging går vi for at dette er plassen for natta.

Kanoane blir lagt på høgkant på sida og stabiliserte med padleårane. Vegard spenner over ein tynn fjellduk som vi bardunerer til steinar rundt myra. Vips har vi eit perfekt firemannsrom med panoramautsikt mot vassdraget og det rosa kveldslyset vest i havet. Det er berre å blåse opp madrassane, rulle ut dunposen, fylle kokevatn i turmaten og nyte skumringstimen ved elvekanten. Fire karar lever som grevar og kjenner at denne stunda kjem til å vare.

Kano på vann ved stryk

KVELDSSTEMNING: Vi nådde så vidt kveldssola på vatn 866 og tenkte at dette er plassen for ei ny DNT-hytte i området.

FIREMANNSROM: To kanoar på høgkant med duk over blir firemannsrom denne natta. Panoramautsikt mot solnedgangen i vest.

FIREMANNSROM: To kanoar på høgkant med duk over blir firemannsrom denne natta. Panoramautsikt mot solnedgangen i vest.