1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Maktdemonstrasjon på Gjegnen

Maktdemonstrasjon på Gjegnen

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesmann Anne Karin Hamre vil gå klatreruta til fjelltoppen Gjegnen (2017). Då står ikkje berre æra på spel.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Kvinner på fjelltur

Tekst og foto: Arve Sandal, 2017

Jenny Følling (55) og Anne Karin Hamre (52) er uvanleg tause. Eg som er vand med å høyre dei offensive fylkestoppane på lokalradioen om morgonen, kjenner dei mest ikkje att. Dei innrømmer glatt at spenning og uro pregar tanke og sinn. Meistrar dei klatringa, tåler dei stupa, kan dei overlate styringa til andre?

Yrmeteorologen har lova godvêr, men skodda driv langs fjellsidene og skjuler både bygda Ålfoten under oss og toppen Gjegnen (1670 moh) som er målet for turen vår. Fjellet som også blir kalla Blånibba, Hesten og Uksen på folkemunne, ruvar som ein bauta i Nordfjord-naturen. Dette er høgste toppen vest for Snønipa og Jostedalsbreen med ein 1200 meter loddrett fjellvegg ned mot Bjørndalsvatnet. Sett frå nord verkar Gjegnen som ein nesten uovervinneleg Tindekonge. Alle som har vore her veit at ein aldri kjem lettbeint opp, uansett vegval. Vi har i tillegg valt den risikofylte ruta.

 

“Folk fartar i tusental til Preikestolen, Trolltunga og Store Skagastølstind. På Gjegnen får du alt i eitt.”

— Friluftsmann Hallgeir Hansen

Alt i ett

– Folk valfartar i tusental kvar dag for å oppleve Preikestolen, Trolltunga og Store Skagastølstind. På Gjegnen får du alt i eitt, både det storslåtte vidsynet, 1000 meter høge flog og panoramaet over bre, fjord og hav. I tillegg slepp du kø og folkevrimmel, reklamerer Hallgeir Hansen som skal vere los og støttekontakt på turen.

Friluftsmannen og rektoren på Sandane har Gjegnen som favorittfjell, ikkje minst fordi det krev noko ekstra å nå toppen, seier han.

Det minner meg om noko eg har høyrt før. Orda kom frå folkehøgskuleeleven Brede Jørandli då han saman med ekspedisjonsklassa på Vereide gjekk i 16 timar over Ålfotbreen frå Blåbrebu til Gjegnabu.

– Desse fjella er til for at vi skal ha det artig, ikkje enkelt, sa Brede.

 

Vekst og vern

Første del av dagens tur går i det vi kan kalle Jenny-land. Vi skal vandre over krafttunellar og bekkeinntak og sjå ned på regulerte vatn. Ingen stad har Sogn og Fjordane fylke tent så mykje pengar til veg, skule og helseutbygging som her. Fylkesordføraren smilte breitt då vi passerte kraftstasjonen til Sogn og Fjordane Energi ved Øksenelvane tidleg på morgonkvisten.

– Ei vakker pengemaskin som vi skulle hatt fleire av, sa vasskraftentusiasten Jenny Følling.

– Modernisering av gamle kraftverk og energisparing er eit godt alternativ til meir utbygging, repliserte den verneansvarlege fylkesmannen Anne Karin Hamre.

Fjelltoppen Gjegnen kan vi plassere i hennar landskap. Toppen ligg så vidt innanfor Ålfotbreen lanskapsvernområde som den raudgrøne regjeringa oppretta i 2009. Forslaget kom frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Grunngjevinga var at det devonske hyllelandskapet og naturen rundt den vestlegaste breen i landet er noko av det mest særmerkte vi har av norsk natur. Både fylkeskommunen og kommunestyra i Bremanger, Flora og Gloppen gjekk mot verneforslaget.

 

God form

Stien opp frå anleggsvegen ved Storevatnet er kupert og bratt. Men fylkestoppane kliv han lett. Vanlege fjellturar, eller ein sving innom treningssenteret, er nesten daglegdags for både firebarnsmor Jenny Følling og trebarnsmor Anne Karin Hamre. Dei kompenserer mange møte, lange reiser og seine kveldar med fysisk aktivitet for å få avkopling, overskot og mental styrke. Utfordringar, som dei ikkje heilt veit svaret på, høyrer også med til dagsorden. Kanskje derfor sa dei straks ja til å teste krefter, mot og stor fallhøgde i nordryggen på Gjegnen.

Skodda omkransar Kringsjåvatnet som ikkje forsvarar namnet sitt i dag. Bållukt siv inn nasa. Vegard Wergeland Hansen og Torgeir Apalset frå Sandane har overnatta i telt ved vatnet og skjenker oss kaffi frå bålkjelen. Sekkane har dei fylt opp med sikringsutstyr og 50 meter lange klatretau. Dei har lovt å guide oss til topps etter at dei synfarte fjellryggen dagen før. Dei seier det ikkje direkte, men vi forstår på kroppsspråket at klatreetappen blir ei styrkeprøve for oss urøynde.

På eit platå får vi utsyn til Nordfjorden og bygdene rundt.

Liten og stor

Vi legg i veg på stien etter T-merka til Svenn Petter Kjerpeset. Han og Keipen Turlag i Bremanger har stått på for å gjere dette unike fjellområdet meir tilgjengeleg for fleire. Klokka 1025 når vi opp til eit platå i landskapet og får eit utstyn som vanlegvis berre kjem gudane til del. Vi ser austover mot dei karakteristiske devonhyllene. Vest for oss ligg Ålfoten og Bremangerlandet og under oss ser vi bygdene Stårheim, Torheim og Isane langs Nordfjorden. Rett over oss ligg Gjegnalundsbreen. Gjegnen i sørvest har letta på skoddehatten og viser heile sin ruvande og kneisande profil. Nordfjordsongen om fagre fjellheimen som opnar seg og ljuvlege fjorden som finn vegen under Gjegnalundsbringa, susar i ein gloppar som meg. På slike platå, med så mykje sterk natur rundt meg, blir eg lett yr og oppstemt. Eg kjenner meg både liten og stor, liten som ein prikk i eit mektig landskap, men samtidig stor fordi skjerpa sansar syg til seg dei sterke inntrykka.

– Alt dette vil de la bergensarane og strilane få kloa i, utbryt eg og forstyrrar idyllen.

Dei to fylkestoppane, som dette året har vore positive til å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til eit fylke, ser overberande på meg. Det er liksom ikkje stemning for debatt. Stillferdig minner dei om at det var Stortinget som vedtok 10 fylkesregionar og at Sogn og Fjordane valde forhandlingsstrategi for å ha ei hand på rattet.

– Men kvifor ikkje slåss for småskalafylket med dei beste skulane, den beste folkehelsa og milliardar av kraftkroner på bok, brummar eg.

 

“Du får invitere Lars Sponheim på klatretur i Gjegnen og teste om det er noko til kar.”

— Anne Karin Hamre, Fylkesmann i Sogn og Fjordane

 

Anne Karin minner om at Stortinget slo saman Hedmark og Oppland mot sin vilje og at Sogn og Fjordane neppe ville blitt bønhøyrt om fylket sette seg på bakbeina. Ho sender Jenny eit takknemleg blikk for hjelpa med å sikre fylkesmannsembetet for det nye storfylket til Sogn og Fjordane sjølv om ho må overlate roret til Lars Sponheim.

– Du får teste om han er noko til kar og invitere Sponheim på klatretur til Gjegnen, ler Anne Karin og rundar av det vesle politiske innhogget i turen vår.

Vi hastar vidare mot sørvest og Isevatnet som er minst 20 meter nedtappa. Eit vakkert syn for fylkesordføraren som har sjølve gullkalven på beite i dette landskapet. Sårflatene minner oss om at inngrepet har sin pris. Små isflak midt i juli fortel oss at vi er på veg inn i arktisk klimasone i kontrast til blåbæra vi forfriska oss med nede i lia.

Anne Karin Hamre og Jenny Følling er to formsterke kvinner. Dei kliv lett over svaberg og skråningar før alvoret tek over i klatreveggen.

Vegard Wergeland Hansen (fremst) Hallgeir Hansen og Torbjørn Apalset er guidar til topps.

Alvor

Klokka 11.30 er vi ved foten av Gjegnen. Vi kliv lett over svaberg og rundt kampesteinar inn mot ei lita hylle før alvoret tek over agendaen. Det er berre å finne fram tørre klede, klatresele, hjelm og sikringsutstyr. Vi skal i gang med den store styrkeprøva, klatreetappen over hyller, stup og renner med 1000 meter fritt fall ned mot Bjørndalsvatnet. Diskusjonar og kommentarar stilnar. No handlar det om å vere 100 prosent skjerpa, gjere dei rette vala, ta dei rette taka og løfte seg sakte, men sikkert mot nye høgder.

Dei to kvinnene er vande med å gje ordrar, ta styringa og gå føre. No må dei stole på andre, be om hjelp og vise audmjuke sider. Den rolla taklar dei med glans. Dei ber om råd til rett antrekk for å halde varmen og vere smidig i klatringa. Dei får hjelp til å stige inn i klatreselen og sjå til at den strammar rett rundt midje og lår. Dei doble åttarknutane, som fester oss til tauet, overlet dei heilt og fullt til ekspertane. Fylkestoppane i 50-åra gjev frå seg kommandoen og vegen vidare til to unge karar i 20-åra. Tilliten er oppretta. Vi høyrer verken syt, angst eller anger. Leiarar lærer fort at slikt berre skadar den mentale ballansen. Konsentrasjon om oppgåvene og forventing om å nå målet er betre strategi.

 

Forankring

Vegard tek føringa i første etappe. Klatring er ein av favoritthobbyane. Han svingar seg mjukt opp etter berget og finn feste for sikringskilar i sprekker og hòler i det kompakte sandfjellet. Det fine med klatring og turar i heile området rundt Ålfotbreen er ruglete berg med særs god feste for fjellskoa, så sant du ikkje stig på våt lav og laus mose. Frontklatraren dreg to 50 meters tau gjennom karabinane i mellomforankringane opp etter fjellryggen. Min jobb er å slakke ut gjennom taubremsa og sikre Vegard i tilfelle taket skulle gleppe. Når han er framme på ein ny standplass, lagar han ei solid forankring og gjev melding på kommunikasjonsradioen vår at Anne Karin og eg kan følgje på. Han er festa i fjellet, vi er sikra i taubremsa i hans sele. Det er berre å starte klatringa, mens eg som sistemann plukkar med meg kilar, slynger og karabinar.

Torgeir, Jenny og Hallgeir følgjer same prosedyre, men vel si eiga rute og set eigne sikringspunkt på vegen opp. Starten på klatreturen opp nordryggen til Gjegnen går forbausande lett. Vi registrerer på nytt at det er to formsterke kvinner i følgjet vårt. Dei har styrke og finn feste for skotuppane i sprekker og små hyller i berget. Eg er ikkje sikker på om kvinnene eller klatreguidane er mest letta, men tippar det er Vegard og Torgeir. Dei veit at vi har meir krevjande parti i vente, og at det er for seint å snu.

 

Unikt

Vi feirar første siger med brødskiver, kaffi frå termosen og smågodt frå posen til Torgeir. Veret er ypparleg til Gjegnen å vere. Her rår skodda og regnbyene ofte grunnen når lågtrykka frå vest møter den 1200 meter høge veggen opp frå Bjørndalsvatnet. I dag er det pause, sola slepp til og kastar varme og glans over storturen vår. Stemninga er så pass avslappa at vi kan kaste eit blikk på naturen rundt oss.

Rett vest for oss står den gråsvarte og forrivne fjellsida i Bukkenibba. Austover mot Hyeneshesten dominerer dei karakteristiske hylleformasjonane i Skjeringane landskapet. På avstand minner hyllene meg om skrånande dominobrikker, mens det ruglete, grove sandfjellet i Bukkenibba får meg til å tenkje på elefanthud. Devonsk fjellandskap finst ikkje mange plassar på kloden. Området rundt Ålfotbreen er av dei største og mest unike. Det var eit av hovudargumenta for vernevedtaket til miljøvernminister Erik Solheim i 2009.

– Klatringa går bra, men pausane over stupa mens vi ventar på klargjering for neste etappe, tek nesten pusten frå meg.

Ho har hekta karabinen inn i sikringsslynga og får auge på ei lita, sårbar issoleie like ved skotuppen. Fylkeskvinna (som eg likar å kalle henne) er også øvste sjef for ei miljøavdeling som skal vere naturens vaktar og talerøyr.

– Denne må ingen trakke på. Issoleia kjempar i årevis før den får fram blomster og frø.

Fylkesmannen og fylkesordføraren må overlate styringa til to unge menn i 20-åra.

 

Å omfamne fjellet

– Dette er vilt, vanvitig vilt, kommenterer Jenny før ho følgjer etter Torgeir som har sikra neste etappe.

Klatringa flyt jamt og fint oppover fjellryggen. Alle konsentrerer seg om oppgåvene med å finne gode tak, klistre seg inn til veggen og unngå blikket mot avgrunnen. Det er lett å forstå kvifor mange blir fasinerte av denne sporten. For det første er det total frikopling frå kvardagsleg krav og mas. Hjernen er 100 prosent til stades her og no. For det andre omfamnar du på eit vis fjellet. Du ser kvar pore, kvar sprekk, kvar fargenyanse som berget, stormane, lågtrykka og snøkavane har skapt. Handa di helsar på kvar stein og spør, – er du til å stole på?

Fotfeste får ei livsviktig tyding her oppe. Er det solid, klarer vi oss med lite. Livet blir sjeldan meir intenst enn i dette balansepunktet mellom livsfarleg risiko og kontroll. Her må du utøve personleg leiarskap og vere både audmjuk og frekk. Audmjuk for farane, men frekk nok til å våge.

“Eg er langt utanfor komfortsona”

— Anne Karin Hamre

Kamin og crux

Alle lyer og stig med respekt rundt den vakre og vevre skapningen på fjellhylla. Vi skal vidare, lengre og høgre. Det er ingen veg tilbake, sjølv om den vanskelegaste delen av turen, eller cruxet som klatrarane seier, ligg framfor oss. Torgeir og Vegard siktar seg inn mot det dei kallar kaminen.

Dagen før har dei sett at ei smal og lang renne er den beste måten å kome opp på den smalaste delen av ryggen. Namnet kamin er lett å forstå, renna minner mest om eit omnsrøyr med ein stor stein som pipehatt på toppen. Torgeir legg i veg og sender oppmuntrande signal ned til oss som ventar.

– Supert klatrefjell, gode tak.

Han forsvinn bak «pipehatten» og signaliserer litt seinare på radioen at han er sikra. Jenny og Hallgeir kan følgje på før Vegard, Anne Karin og eg får nærkontakt med «omnsrøret» til Gjegnen. Med nokre spagatøvingar og ekstra krafttak stig vi opp gjennom renna. Eg skimtar så vidt hjelmen til Vegard gjennom gluggen der oppe. Han sikrar meg og dreg inn tau for kvart tak eg tek. Det går greitt heilt til eg kjem til holet. Den litt for store sekken med sidelommane, som eg er så glad i på vanlege turar, kilar seg fast i renneveggane.

 

Knivsflog

– Len deg litt meir bakover og frigjer sekken, så eit lite byks, oppmuntrar fjellføraren.

Etter tredje forsøk lykkast eg å kome meg opp på «taket» som viser seg å vere berre ein halvmeter breitt. Eg ligg på magen og ser rett ned i Bjørndalsvatnet, minst 1000 meter rett ned. Magesuget får meg til å tenkje på Knivsflå som er namnet på ein hyllegard over Geirangerfjorden. Med livet på ein knivsegg kan Knivsflog vere eit passande namn her oppe.

På ei lita hylle ved sida av sit Anne Karin. Ho er taus, og ingen kan seie at det er raudfarge som pregar ansiktet. Torgeir, Jenny og Hallgeir er allereie i full gang med neste og aller siste klatreetappe. Høgdeskrekken har sleppt taket på Jenny. Realpolitikaren, som er opptatt av handling, smyg seg kjapt oppover som om ho har fått los på toppen. Vi følgjer etter i fotefara til Vegard, men lener heile kroppen inn mot fjellet, vekk frå avgrunnen.

 

Sigersrus

Brått er vi oppe på ein stor avsats og siste stamplass. Stemninga stig spontant og minner fort om ein laurdagsfest på bygda. Breie smil, hurrarop, heftig latter, bamseklemmar og lettsindig omgang med kompliment og honnørord.

– Vi klarte det, jublar Jenny og Anne Karin i kor og løfter hendene til vers.

Dei stig kjapt ut av klatreselen, knepper av hjelmen og spring yre som nyforelska tenåringar lenger opp i fjellsida for å ta bilde av alt og alle. Det er som dei har spart Gjegnen til denne spesielle dagen og berre må fange den intense gleda over å meistre og bli tatt mot av det mektige fjellet. Johan Galtung skreiv ein gong at nordmenn har eit religiøst forhold til naturen. «Gudane heiter Fjellet, Vidda og Havet.» På toppen av Gjegnen kan ein tilbe dei alle. Det makelause med denne bautaen i Nordfjord er ikkje berre utsikta over toppar, brear og fjellvatn i alle retningar, men kanskje vel så viktig linken til fjorden, bygdene og storhavet. Kombinasjonen gjev ei djup naturglede og sterk kjensle av å vere norsk.

 

Magesug

Når vi har funne tilbake roen og hormonbalansen, legg vi oss på magen og kikar over kanten, ned i Bjørndalsvatnet. Der får vi auge på to fargerike prikkar som rører på seg inne i den loddrette fjellveggen. Etter nærare augesyn kan vi slå fast at det er to superklatrarar som prøver seg, sikkert dei første menneska i vestveggen til Gjegnen. Hallgeir trur det er to lærarar frå Nordfjord Folkehøgskule som utforskar ei ny klatrerute. Han vil ikkje høyre snakk om at vår prestasjon bleiknar i samanlikning.

– Dei er profesjonelle og kan triksa. Vi er amatørar som heile vegen må spa opp meir mot for å overvinne frykt.

Borte om 50 år?

Toppen på Gjegnen har eit dryss av nysnø og minner oss i midten av juli om at dette er arktisk klima, på linje med Svalbard. Rundt Ålfotbreen ligg det framleis så pars med snø at ein skitur frå Gjegnabu til Blåbrebu er fullt mogleg. Litt rart i grunnen at breen likevel minkar i toppfart på grunn av varmare klima. I følgje breforskar Atle Nesje kan det gå berre 50 år før den tynne Ålfotbreen har trakt seg tilbake til si eiga grav. Konsekvensane for kraftproduksjonen og turopplevinga tør vi ikkje tenkje på.

Vi stikk sør om Galleriet. Platået blir også kalla fylkets høgste preikestol, 1200 meter over Bjørndalsvatnet og 360 graders utsyn mot Jostedalsbreen i aust, Sunnmørsalpane i nord og Olderveggen og Stad i vest.

Frå ferske blåbær i lia til nysnø på toppen. Ein tur på Gjegnen er ein tur gjennom mange klimasoner.

Galleriet på Gjegnen er ein 1000 meter høg preikestol.

 

Tosidig

Eg ser på det nedtappa vatnet som har ofra seg for vekst og utvikling i Nordfjord. Historikar Finn B. Førsund skriv i boka si om Firdakraft at det var først når vasskrafta frå dette området kom på nettet midt på 50-talet, at moderniseringa av Nordfjord tok til for alvor. For første gong fekk regionen nok og stabil kraft til utvikling av næringslivet. Eg, som voks opp på den tid med foreldre som dreiv konfeksjonsfabrikk på Sandane, naut godt av velstandsutviklinga. Når eg løfter blikket mot kystbreen og toppane rundt meg på alle kantar, er det eit anna namn som dukkar opp i minnet.

Amerikanaren Roger Ulrich var ein av dei første som dokumenterte kor viktig natur og utsikt til vakre landskap er for trivsel, velvære og helse. Ulrich påviste for over 25 år sidan at naturinntrykk ikkje berre er emosjonelt stimulerande og helsebringande, men også skjerpar kreativitet og læreevne. Vanskeleg å måle i kroner og øre som kilowatt, men er det her vi finn litt av forklaringa på dei gode skuleresultata, den gode folkehelsa og lange levealderen i Sogn og Fjordane?

«Den mest spektakulære fjellturen vi har gått,» skriv Jenny Følling og Anne Karin Hamre i turboka på toppen.

 

Verneverdig

Klokka 18, elleve timar etter start, skriv fylkesordførar og fylkesmann i turboka på toppen at dette er den mest spektakulære fjellturen dei nokon gong har gått. Den blir ikkje mindre spektakulær når vi letta og sigerssikre til sinns vabbar tilbake over Gjegnalundsbreen og blir møtt av det rosa kveldslyset vest i havet. Det er då fylkesordførar og kraftentusiast Jenny Følling er så rusa på natur at ho trekkjer ein saleg konklusjon:

– Dette er verneverdig natur! Men ikkje gløym kor trøytt eg var, då eg sa det.

Peter Wessel Zapffe brukte sitt naturfilosofiske blikk og sa det på ein annan måte:

«En dag – når det som hadde maal og hensikt og mening ligger som høstens halm, da staar der støtter i din erindring og lyser med uslukkelig glans. Ved dem skal du vite naar du staar ved den siste varde, at du har drukket en jorddag ind.»

Heimturen er krydra med utsikt til det unike hyllelandskapet rundt Ålfotbreen.