1. Heim
  2. Historier frå området
  3. Fri flyt og vill vest

Fri flyt og vill vest

Kontrastar er sterke greier. Dei kan både vere brutale og toppen av lukke.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Ålfotbreen landskapsvernområde
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: alfotbreen@statsforvalteren.no

M

Meny

Mann hviler på mose

STOREBOTNVATNET: Storfisk er adrenalinkick i villmarkslivet.

Tekst: ARVE SANDAL
Foto: ARVE SANDAL OG VEGARD FAGERLI
Artikkel 3 av 3 «REIN GALSKAP»

 

Opphaldet på Blåbrebu blir eit kjekt gjensyn med friluftslivlærar Lars-Ove Eikje frå Nordfjord folkehøgskule der Hallgeir var rektor og Vegard kollega for nokre år sidan. Eg vart kjent med Lars-Ove då han var sentral på storturen vår frå Hornelen til Galdhøpiggen med 18 elevar i 2011. Turen resulterte i boka «Reint eventyr». Lars-Ove kjenner også til boka «Rein luksus» og meiner padleturen vår bør kallast Rein galskap. Denne gongen har folkehøgskulelæraren med seg 16 nye elevar som har padla kajakk frå Vereide til Ålfoten og gått til Blåbrebu over hylle sju, åtte, ni og fjelltoppen Saga.

Skrekkblanda fryd

– Eg trur elevane opplever landskapet rundt Ålfotbreen med skrekkblanda fryd. Dei fleste kjem frå Austlandet og er vande med skogar, myr og merka stiar. Då blir eit av dei villaste landskapa i landet ei voldsam oppleving. Dei lærer fort at ein kilometer i luftlinje ikkje er ein kilometer i terrenget, seier Lars-Ove som trur elevane først og fremst er fascinerte over hyllelandskapet.

Frå Blåbrebu skal dei vidare til Straumsbotnen i Hyen, derifrå inn i Naustdal Gjengedal landskapsvernområde. Han får med seg eit ynskje om god tur og inderleg takk for at friluftslivskulen brukar nærområdet og bidrar med inntekter til hyttene.

Det er stas for oss som allereie er bergtatt av villskapen i denne fjellheimen.

BLÅBREBU: Lars-Ove Eikje og elevar frå Nordfjordfolkehøgskule er triveleg selskap på Blåbrebu.

Kontrast

Måndag morgon den 25. september 2017 står i sterk kontrast til alt vi opplevde kvelden før. Veret er sommarleg med milde vindar og lettskya himmel. Vi kan til og med gå på delvis merka sti, 450 høgdemeter i vakre haustfargar nedover mot Grøndalsstorebotnen og Storebotnvatnet. Straks vi kjem inn i dalen, markerer hjortebukkane med rautande brøl at her rår dei.

– Ikkje rart dei ser på meg som ein alvorleg konkurrent, ler Knut og peikar på dei to padleårane som stikk opp frå sekken som eit stort gevir.

Ein hare sit på ei hylle berre eit par meter unna. Han verkar så overraska over besøket at han gløymer å hoppe. Nede ved osen i Storbotnvatnet held fossekallane framleis på med frukosten og dukkar ivrig etter småfisk og dyr langs elvekanten. På veg ned dalen har Knut fortalt at ein av dei mest markerte ordførarane i Florø, Kollbjørn Dyrli, brukte å ta turar frå Blåbrebu til Storebotnvatnet for å fiske. Som regel fekk han fisk og brukte å kalle Norddalsfjorden og fjellandskapet rundt for Florø sitt skattkammer. Vegard pirrar ikkje mindre fiskeinteressa når han nemner at regulerte vatn kan ha stor fisk fordi nedtappinga hindrar for mykje yngel i å vekse opp. Eg er ikkje heilt sikker på om det er kraftutbyggaren eller fiskerieksperten som snakkar, men lysta til å leite fram den vesle teleskopstanga frå sekken er tent.

Turfølge med årer

GRØNDALSSTOREBOTNEN: Slike gevir har hjorten aldri sett før. Bukkane svarar med kraftige brunstbrøl på begge sider av dalen.

STOREBOTNVATNET: Osen ved Storebotnvatnet minner om reportasjane vi har sett frå Grønland og Alaska.

Osen og elvesletta ved Storebotnvatnet er som ei scene frå reportasjane vi har sett frå Island, Grønland eller Alaska. Fjella rundt oss stikk 1000 meter til vers. Sletta er eirgrøn og elva isblå og klar. Eg riggar på ein spinnar og gjer to kast utan resultat. Sidan elvebotnen er dekt av lys sand, hentar eg fram den blanke og raudprikkete skeisluken til Sølvkroken. Den har ofte vist seg som ein vinnar i lyse fjellvatn. Ein liten bris lagar perfekt kamuflasje i hølen. Eg er tilfreds med det lange kastet ned langs elvebarden og kan dra sluken gjennom den djupaste delen av hølen.

Adrenalinkick

Tilslaget kjem fort og kontant med ei kraft som straks tyder på storfisk. Det er mest som å vere på laksefiske. Auren går hardt på og drar ut den 0,18 millimeter tjukke sena før eg får kontroll på situasjonen og tenner håpet om å berge fangsten.

Muskelbunten av ein fisk prøver eit triks. Den piler motstraums før den tverrvender og får drahjelp frå elva. Men kroken sit, overmakta vinn. Eg får eit skikkeleg adrenalinkick når den feite kilosauren sprellar på land i elvegrusen. Det er berre å feire her og no med å få på steikepanna, flekke fisken, lirke fram Kviteseidsmør og krydre med sitronpeppar. For oss som har levt på skiver og turmat i to dagar, blir det gourmetstønn på sletta. Vegard, som har hatt mang ein fisketur på Finnmarksvidda, er så begeistra at han slurpar steikefettet frå panna.

Ein perfekt start på dagen.

VIDEO: Overstadig fiskelukke ved Storebotnvatnet.

Fisk på land

GOURMETMAT: På tredje kastet bit kilofisken som blir gourmetmat for turkameratane.

Fisk stekes på primus

Søndagsfred

Padlinga vestover det åtte kilometer lange Storbotnvatnet er søndagsfred på måndag. Vi glir langs dei glatte sandsteinberga som minner Vegard om strendene langs Lysefjorden i Ryfylke. Verken sola eller vinden når ned til oss. Berre padleåra bryt stilla inntil ei stor havørn tørnar ut så kraftig at greina ho sat på står og sveiar etter henne. Heldigvis er vatnet tappa ned berre åtte meter denne dagen. Det kunne vore opp til 60 meter lågare om Svelgen fullt ut hadde utnytta «batteriet» som Storbotnvantet representerer. Då hadde padleturen vore stussleg. SFE-mannen Vegard er samd i det og nyttar sjansen til å fortelje at innan 2022 blir vilkåra i mange av vasskraftkonsesjonane i Norge reviderte. Inngrepa kan bli reduserte i enkelte vassdrag og forsterka i andre for å finne meir optimale løysingar.

Etter kvart som vi nærmar oss Nedre Storebotnvatnet, når sola ned til oss. Knut og Hallgeir innfører det dei kallar barfotpadling. Etter kvart sit alle fire i berre shorts og padlevest og nyt sommaren i september. Den store havørna, sikkert med over to meter vingespenn, flyr over oss, tilbake til lia si. Det verkar som ho berre har guida oss ut dalen, for å bli kvitt oss.

To personer padler kano

SOMMAR I SEPTEMBER: Sol, varme og fred pregar den 8 km lange padleturen på Storebotnvatnet.

Motbør

Vel fem timar etter starten frå Blåbrebu, er vi ved enden av det lange vatnet. Dagen har vore så avslappande og fredfull, at vi mest ikkje forstår at framfor oss ligg nokre seige motbakkar vi berre må overvinne. Alt i kroppen strittar imot ei ny runde med tunge sekkar og lirking av kano rundt hamrar, tre og steinar. Vegard, som tidleg på turen sa han kan tole mykje, tek tak og legg i veg.

Vi halsar etter og når omsider toppen av elvegjelet, berre for å oppdage at turen ned på andre sida er endå brattare og endå meir ulendt.

Mann frakter kano på land

STUPBRATT: Bereetappen til Myrbærdalsvatnet er brutal kontrast til flytsonene på Storebotnvatnet.

– Menneskesinnet er finurleg. Som motvekt til det stupbratte terrenget og negative tankar, spør Knut om vi veit kva namnet Florø skriv seg frå.

Ø=øy, seier vi i kor, men klarer ikkje dekodinga av flor.

– Pluss på ein o, tenk på floor, så har de svaret. Dei første som kom til Florø frå havet, såg på øyane som flate stovegolv. Floren, som sunnfjordingar kallar fjøsen, har truleg også sitt opphav i det engelske ordet floor, forklarar florøværingen Knut Hjermann.

Vi mannar oss opp og styltar oss ned over stokk og stein til vatnet med det klingane namnet Myrbærdalsvatnet. Behovet er det same for alle dei sveitte kroppane. Vi treng forfrisking og opplading og stuper ut i, alle som ein. Symjaren Knut kostar jamvel på seg ei imponerande runde med butterfly.

Mann svømmer i fjellvann

MYRBÆRDALSVATNET: Salege stund utan like.

Flytsone

– Digg, seier Vegard når han for 20. gong set seg på sekken i kanoen.

Godlyden har eg høyrt ofte på turen. Det er som alle musklar og alle nervetrådar i kroppen blir fylte av velvære når vi går inn i flytsona. Visst er det mykje styr og kav med kanobering over fjell, gjel og brear, men kontrasten frå strevet til den stille flyten er ei feit løn. Det er som musklar, nervar og sinn finn ei saleg ro, og vi kan nyte naturen rundt oss i fulle drag. Variasjon og sterke kontrastar er dei mest intense opplevingane på denne turen. Frå sveitte kroppar til kjølande bad, frå nakne fjell til frodig vegetasjon, frå kulde på breen til shortsver på vatnet, frå hard motvind til sløring i medvind.

«Kontrasten frå strevet til den stille flyten er ei feit løn.»

Basketak

I det eg nyt dei salege tankane, dukkar ein ny og ubehageleg kontrast opp framfor oss. Vatnet vi skal svinge inn i, er ikkje der.

I staden ligg svarte, store steinar og stoppar alle flytsoner. Søre delen av Myrbærdalsvatnet er ikkje regulert. Naturen sjølv har spelt oss eit puss. Når det regnar lite, er avrenninga gjennom ura større enn innsiget. Lempinga av kanoane byr på eit skikkeleg basketak. Ikkje berre må vi forsere dei høge kampesteinane, vi må også ned eit nytt stupbratt, trongt gjel og krysse elva. Her krevst ein stor dose pågangsmot. Vegard, som heilt sidan gutedagane har vore fascinert av bekkar og elvar og nærast hoppa som ein fossekall over steinane, stig resolutt ut i kulpen og fløyter kanoen nedover. Kjenne på kreftene i elva, finne vegen, takle brasane, er stas for denne mannen. Knut, Hallgeir og eg vel å halde oss på tørre landet og finn farbar veg på eit hjortetråkk.

På turen har vi lært at der hjorten kjem fram, er det også farande for folk, jamvel med kano på slep.

Kano fraktes på land

MANNDOMSPRØVE: Etappen frå Mybærdalsvatnet til Fessevatnet krev sin mann.

kano

Kapasitet

Halsande etter, med kamera, tenkjer eg på at dette er karar med kapasitet. Dei har fysisk styrke og kondisjon til å takle store påkjenningar, dei har mental styrke til å halde ut og tenkjer meir på gleda ved å kome fram enn smertene under vegs, dei har lang erfaring i å lese kart og terreng, dei har humør og smilet på lur. Profesjonell entusiasme, heiter det visst på leiarspråket. Eg kjenner meg privilegert som får vere på tur med slike menn.

«Mot er den prisen livet krev, for å innvilge sjelefred.»

Sjelefred

– Ka sku vi gjort uten havet, sku vi bært båtan, spøkjer dei i Nord-Norge.

Ja, med nok styrke og pågangsmot er bereetappar mogleg. Vi kjem ut av «jungelen» klokka 1550 og får kontant løn for strev. Eller for å sitere Amelia Earhart: «Mot er den prisen livet krev, for å innvilge sjelefred.»

Fessevatnet har dekt opp for oss med mild medvind og sol i ryggen. Det er berre å stikke åra nedi og ruse seg på det vakre landskapet. Terrenget rundt osen i vest er så lavt og breitt at vi får ei artig kjensle av å padle på ei vasshylle.

FESSEVATNET: Padlinga over Fessevatnet liknar på ein sjarmøretappe.

Eventyrleg

I ei lun vik ved Fessefossen sit fire karar og snakkar om noko så uvanleg som kjenslene sine etter tredagarsturen frå Nordfjord til Sunnfjord over Ålfotbreen. Knut seier dei harde transportetappane mellom vatna har vore ei mental påkjenning. Særleg etappane ned til og ned frå Blåbrevatnet var kontakt med kjellaren i sinn og skinn.

– Men det er også desse påkjenningane som gjer overgangen til padlinga så himmelsk god. Det er vel berre ei ny påminning om at skal vi verkeleg nyte, må vi først yte. Eg trur alle kontrastane frå beringa til padlinga, frå det barske til det milde, frå golde fjell til frodig landskap, er det som vil vare lengst. Kontrastane pirra heile sanseapparatet mitt, seier Knut.

Alle nikkar. Variasjon er ei suksessoppskrift på eit spennande liv.Hallgeir minner oss om litt av formålet med turen, sjå terrenget og landskapet rundt Ålfotbreen frå nye sider.

– Sidan det ikkje er mogleg å gå til fots langs mange av vatna, har desse bilda, desse idyllane og denne villskapen vore skjult for meg. Dette har eg drøymt om og vart ikkje skuffa. Tvert om har turen knytt meg endå sterkare til området. Dei som har lyst og vil ta kortare padleturar enn oss, kan til dømes bryte av ved Store Åskorvatnet og gå ned til Åskora, eller ta kanoen i sekken frå Grøndalen til Blåbrebu og padle som oss over Storebotnvatnet og Fessene tilbake, tipsar Hallgeir.

– Eg kjenner på vemod over at det er over, seier Vegard. -Eg trur vi er pionerar og har hatt ein stortur. Det finaste for meg er samspelet mellom oss og korleis gruppa blir større enn summen av oss. Naturen har på eit vis vore kulissene. Korleis vi har takla situasjonane og spelt på lag, er kjernen. Kvar gong vi har vore langt utanfor komfortsona og klart oss, har eg kjent på at det er godt å merke at ein kan meir og toler meir enn å gå på jobb og sjå på tv. Eg gjer det gjerne igjen og ser forbetringar i vegval og utstyr, seier Vegard som har erfaring frå turar og ekspedisjonar på Svalbard og Alaska.

Han meiner landskapet rundt Ålfotbreen har minst like mykje eventyr å by på.

Fred og fryd

Fred og fryd pregar mitt sinn i det vi padlar i solgangsbris vestover Storevatnet og Litlevatnet mot Norddalselva. Det er som vi har vore minst to etasjar over kvardagen. Freden kjem frå den nære fellesskapen med dei tre turkameratane. Fryden boblar etter alle kontrastane, dei sterke naturinntrykka og dei gode flytsonene vi har opplevt. Vist er eg støl i kne og skuldrar, men hugsar å ha lese at mjølkesyre motverkar demens.

Vist er eg sliten, men hugsar forsking som syner at fysisk aktivitet reduser sjansen for ei rekke sjukdommar. Alder er ingen hinder når andre viser veg og gjev deg ei skulder når det trengs. Eg vil halde det gåande. Storturen har gjeve meg ein ny juvel som kjem til å skine resten av livet.

personer i kano foran foss

STOREVATNET: Frå rein galskap til rein glede. Storturen over 25 vatn, ein bre og 46 km kjem aldri i gløymeboka.

Fakta om turruta

Klikk her for å sjå turruta.

DAG 1:

Start: Demninga ved Bjørndalsvatnet
Slutt: Øvre Bredvatnet
Totalt 9 vatn, 550 hm opp, 100 hm ned, 10 km.

DAG 2:

Start: Øvre Bredvatnet til Store Åskorvatnet
Slutt: Over Blåbreen til Blåbrevatnet og Blåbrebu
Totalt: 9 vatn, 800 hm opp, 550 hm ned, 17 km

DAG 3:

Start: Blåbrebu, Storbotnvatnet til Myrbærdalsvatna
Slutt: Fessevatnet, Storevatnet og Litlevatnet
Totalt: 7 vatn, 100 hm opp, 500 hm ned, 19 km

UTSTYR:

2 Ally-kanoar av PVC-duk, aluminiumstenger og skummatte. Vekt 17-19 kg.
80-liters sekkar og vanleg turutstyr for brevandring.
Soveposar, underlag, fjellduk, kokeutstyr.
Padlevestar, førstehjelpspakke, refleksvest og nødsendar.

Alternative padleruter ved Ålfotbreen

ALTERNATIV 1:

Frå Bjørndalsvatnet, over Øvre- og Nedre Bredvatnet til Store Åskorvatnet.
Retur til Åskora i Ålfoten.

ALTERNATIV 2:

Bereetappe frå Grøndalen til Blåbrebu.
Padleetappe frå Storebotnvatnet til Fessevatnet, Storevatnet, Litlevatnet og 1 km vandring til Norddal.